Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal Posts

Dugnad og trening 27. April

27. april blir det dugnad med trening. For tider, sjå i kalenderen i menyen til høgre. Arbeidsoppgåvene finn du under «Les meir»
Still opp og trø til, ta med redskaper til det du ønskjer å gjera. Ta gjerne med litt til. Her er masse å ta tak i, så vi håpar at mange har tid til å vera med på dugnad for klubben sin.

Ein kan og stilla opp og gjera ting sjølv om det ikkje er lyst ut dugnad…
Ta kontakt med leiar i anleggskomiteen, Jon Bjarte Aarekol, om de lurar på noko.

Comments closed

Opningsløpa er dessverre avlyst

Opningsløpa på Vikedal Motorbane 6. og 7. april er dessverre avlyst. Det er fortsatt 6-8 minusgrader om morgonen på banen og berre nokre få plussgrader om dagen. Dermed ligg tela fortsatt tjukk i bakken, og det er dette som set ein stoppar for løpet. Det ligg fortsatt litt snø og is på deler av banen. Denne kunne me nok blitt kvitt, men med tele i bakken forsvinn ikkje vatnet og den delen som er tint vil vera ein blaut masse. Med kantar og skråningar som fortsatt er frosne, er det uforsvarleg å arrangera løpa.

Me vil koma tilbake rett over påske med informasjon om løpa blir sett opp på nye datoar eller om det blir gjort justeringar. Me beklagar sterkt at det ikkje let seg gjera å arrangera løpa.

Comments closed

Tilleggsreglar klar og påmeldinga opna

130406_Plakat

Tilleggsreglane for løpa er no lagt ut og påmeldinga opna. Du finn linkar til tilleggreglar, påmelding og førebels startlister ved å velja løpet i kalenderen til høgre. Du finn dei og under plakaten til høgre.

Minner om at løpet er kvalifisering til Landsfinalen for bilcross junior som gå på Bollandsmoen i Melhus 27. juli.

Comments closed