Resultater, bilcross junior og debutantar
Comments closedNMK Vikedal Posts
Årets bilcross juniorteam vil pga. lite treningar bli tatt ut blant dei 6 beste førerane på løpet 1. mai. Det vil ikkje bli gjort som føregåande år, 3 beste på første løp i Vikedal og 3 på ei trening.
Har de spørsmål om juniorteamet, ta kontakt med juniorkontakten i bilgruppa, Daniel Holten, mob 98283798

Førarane frå NMK Vikedal hadde ein god start under første NM-runde på Gardermoen. Både Joakim Rønnevik og Åsmund Holten kvalifiserte seg begge til A-finalar, og blei til slutt nummer to og fire i sine klassar.
Comments closedEtter at løpet på Vikedal Motorbane tidlegare i april måtte avlysast på grunn av is og tele, er det no klart for sesongopning. Onsdag 1. mai går den første runden i Vestlandsmesterskapet for bilcrossklassane av stabelen.
Comments closed
I dag er det ein månad til NMK Vikedal på ny kan invitere til NM-runde i rallycross. Siste helga i mai skal alt vere klart, men først skal fleire av førarane frå klubben ut i første NM-runde som går på Gardermoen Motorpark på laurdag.

I 2010 var førarane frå NMK Vikedal med å setje sitt preg på NM-runden på heimebane, og Daniel Holten gjekk heilt til topps i klassen inntil 1600 kubikk, og vert seinare Noregsmeister i klassen.
Til opningsløpet i NM på Gardermoen er følgjande førarar klare. Joakim Rønnevik i rallycross junior, Åsmund Holten i Supernasjonal inntil 1600 kubikk, Lars Ivar Øie, Kenneth Johansen Ernst Holten Leifsen og Daniel Holten i Supernasjonal inntil 2000 kubikk, og til slutt Bjørn Magne Moland Enge i store super.
Comments closed