MX skulen

MX skulen i Vikedal blei opna våren 2019 og blir driven av NMK Vikedal sine aktivitet- og sikkerhetsleierar. I 2021 har Idrettsforbundet saman med ei gruppe støttespelerar bidratt til å utvide det populære tilbodet opp til 16 års alder gjennom innkjøp av 125cc øvings-syklar.

Skulen har utsyrsgarderobe, øvings-sykklar og ein tilpassa skulebane.

Korleis?

For å prøve motocross på våre øvings-sykklar for første gong løyser du eit  dagsmedlemskap til kroner 50,-. Dette kan du gjera ein (1) gong for 125cc og to (2) gonger for mindre sykklar opp til 110 kubikk. Dersom aktiviteten fell i smak går du vidare slik: Føresett og eleven løyse medlemskap i NMK Vikedal og skaffar seg ID nummer i idrettsforbundet sin fellesportal «MinIdrett». Deretter løyser du såkalla «Kom og prøv» lisens på SMS. Denne varer i tre månader.  No kan du øve vidare med våre sykklar på banen. I same periode kan den føresette ta eit e-læringskurs for å kvalifisere for nasjonal lisens. E-kurset finn du også på Idrettsforbundet sin portal Min Idrett.  Med diplom frå kurset og søknadsskjema med signatur frå klubben får eleven nasjonal lisens frå forbundet.

Du kan nå delta i det ordinære treningstilbodet til NMK Vikedal og elles trene og konkurrere på alle banar i vårt distrikt og over heile landet.

Kvar?

Når du kjem til Vikedal motorbane møter du fram ved skulen som ligg i underetasjen – ved døra som seier «PRØV MOTOCROSS».  Føresette skriv deg inn i protokollen, og signerar på at dei har lest reglane som står oppslått på inngangsdøra.

Inn til venstre er det  toalett og til høgre køyreutstyr. På hyllene er det angitt storleik. Rød prikk betyr at utstyret er påkrevd. Aktivitetsleiar (gul vest) fortel deg vidare kva du skal gjere. Det står hårnett på skranken om du ynskjer å nytte det.

 

Kven?

MX skulen har som ambisjon å senke terskelen til ein fritidsaktivitet og inviduell idrett som har gode vilkår og ein lang sesong hjå oss. Sporten er i vekst og det er eit rikeleg utval av moderne, varierte banar innafor vårt distrikt. NMK Vikedal sitt tilbod vender seg til foreldre og born som bur innanfor ein radius på rundt 50 km frå Motorbanen i Vikedal.

Kvifor?

Fartsidrett har nokre unike element som kan vera avgjerande for aktivsering av unge menneske. Skulen ynskjer at flest mogeleg, også born frå familiar utan spesiell erfaring med motorsport, skal få muligheten til å prøve motocross. Kostnadseffektive innkjøp i denne sporten krev ein del kunnskap. Vi vil gjerne tilby denne kunnskapen saman med opplæringa som skal til for å løyse lisens.

Opningstider:

Saman med trening tirsdag* og lørdag, med forbehold om helligdager / billarrangement.

Tirsdag 1700 – 1900

Lørdager fra kl 1000 – 1300

)* I perioden 15 Okt til 1 April er ikkje MX skule på tirsdagar. Skule på lørdag blir bekrefta på FB.

For å halde seg oppdatert enkelt, meld deg inn i gruppa: Nmk-Vikedal – Motocross gruppe på facebook.

 

Kostnader (2021 tal):

Prisen for juniormedlemskap i klubben er 400,-. I tillegg må ein føresett melde seg inn. Minimum som «ledsager». Det er også 400,-

For å køyre introduksjonsperioden må du også ha «Kom og Prøv» lisens. Denne lisensen løyser du på SMS. Instruksjon ligg her. Dette er ein prøve/opplæringslisens som varer i 3 månader og kostar 180,- opp til året du fyller 19år, deretter er prisen 325,-. Du skal nytte gul vest eller trøye dersom du køyrer på slik lisens i ordinær gruppe.

Når du har bestemmt deg for å halde fram med sporten bør du søkje ordinær, (nasjonal) lisens. Prisen er 180,- for dei yngste. Frå året du fyller 13år treng du ungdomslisens som kostar 1590,- og frå året du fyller 19år, løyser du seniorlisens til 2290,-. Lisensane inneheld og forsikring.

Dersom du held fram som aktiv blir du og fakturert for baneleige ved slutten av året. Prisen for liten sykkel er 500,- og for stor sykeler det 1000,-. Familierabatt gjeld.

Eksempel, 5-16år: MX-Skule i 3 månader ink. lisenst til ledsagar 2021: 1480,-

På eigne hjul:

Sykklar kostar 25/35.000,- (65 og 85cc). Til denne prisen er dei brukt frå 40 til 60 timar og like pålitelege som nye. Vedlikehaldskostnadane er og like som for nye sykklar; rundt 200,- per motor-time i vedlikehald.

Køyreutstyr er rimeleg og til dels gratis som brukt. Du kan og låne frå klubben etterkvart som du skaffar det som trengst.

——————————————————–

NMK Vikedal driv MX skulen etter Idrettsforbundet sine reglar for barneidrett. Det betyr mellom anna at det ikkje er rangering i konkurranse før fylde 12år. Ytelse på sykkelen er i så måte uvesentleg.