Press "Enter" to skip to content

Historie


Vikedal Motorbane vart bygd som bilcrossbane i 1982. NMK Vikedal vart skipa 11. november 1982 og i august 1983 arrangerte klubben sitt første bilcrossløp på Vikedal Motorbane. Dei første åra vart det årleg avvikla fire bilcrossløp på denne banen, med stor deltaking både av førerar og publikum. Ut over på 80-talet skjedde det ei stadig utvikling av Vikedal Motorbane og våren 1986 kunne klubben arrangera sin første NM-runde i rallycross. Vidare utover på 80-talet vart det avvikla svært mange NM-rundar på banen og eit høgdepunkt var nok då heile den norske eliten i divisjon I og II, med Martin Schanche i spissen, deltok på NM-runde i 1990. Første bilcrossløpet gjekk i august 1983, og arbeidet med rallycrosstraseen starta hausten 1984. I august 1985 vart rallycrossbanen opna. I 1986 starta ei lang rekke med NM-rundar i rallycross, både i div. I og II og nasjonal. I 1988 vart Jan Rongved kåra til første norgesmester i den nye klassen, Supernasjonal, i Vikedal.  Seinare på 90-talet har både interessa for klubbarbeidet og talet på aktive dabba noko av, ein tendens som dei siste åra har snudd. Etter den tid har NMK Vikedal primært satsa på å vera med å byggja opp Vestlandsmesterskapet.
Klubben har no eit handlekraftig styre og ein økonomi som dei neste åra vil gi større handlefridom både til satsing på anlegg og medlemmer.

Banerekord
Banerekorden er det Arne Rasmushaugen som har i ein MG Metro 6R4 Bi-turbo på 2.31.18 frå NM-runden i 1989. Martin Schanche deltok i NM-runden året etter, men då var forholda for dårlege til å slå banerekorden.
Nest-beste tid er det Terje Schie som har frå 1988 med Peugeot 205 T16. Då han vann NM-runden det året hadde han ein beste omgang på 2.34.91. Petter Solberg har kjørt 2 løp i Vikedal. Beste rundetid er frå 1995 då han ratta Volvo 240-en inn til 2.44.57. Beste supernasjonalbil er Tommy Bakkerud med Escort i kl. 2 som kjørte på 2.37.67 i 2002.

Utvikling av banen: 
Fram til NM-runden i 1997 var det grus i målsvingen, men då vart det lagt betongdekke der. Seinare har det blitt lagt asfalt over betongen. Dei siste åra er bygningsmassen oppgradert med nytt sanitærbygg i 2001 og nytt kjøkken/kiosk i fjor. I 2006 er det investert nesten ein 1/4 mill. i nytt rekkverk. Det gjer at det nå er klart for alternativspor også i Vikedal. For bilcross går det ned asfaltbakken over start.

Banen
Banelengde: 919 m.
Bredde startplate: 15 m.
Bredde: 10 – 15 m.
Underlag: 60,2 % grus og 39,8 % asfalt
Asfalt på startplate og køyreretning med klokka.