Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal Posts

Dugnad torsdag 18. april frå kl. 17.00

Etter ein positiv dugnad for nokre veker sidan, prøver me att. Informasjon om dugnaden finn de i kalenderen. Anleggsgruppa håper på godt oppmøte slik at me kan få ferdigstilt mest mulig før 1. mailøpet og NM-runden.

Comments closed

Gledeleg nyhet: Bilcrossløp 1. mai

Det er no bestemt at det blir arrangert bilcrossløp onsdag 1. mai. Løpet inngår i Vestlandsmesterskapet for begge klassar, og er kvalifiseringsløp til Landsfinalen for bilcross junior i Melhus den 27. juli.
Tilleggsreglane blir lagt ut i løpet av nokre dagar, og påmeldinga opna deretter.

Comments closed

Praksisdel for junior lisenskurs søndag 14. april

Praksisdelen av lisenskurset for bilcross/hastighet junior blir kjørt søndag 14. april. Innsjekk og teknisk mellom kl. 9.00 og 10.00. Det blir førarmøte kl. 10.15 og kjøring mellom 10.30 og 14.30. Hugs betalt vognlisens for bilen og ein ledsager pr. deltakar (treng ikkje ha ledsagerlisens på kurset). Dersom det er heile bilar etter Bergen, får me ein rallycross demo. Ta kontakt med kursleiar Steinar Høyvik (tlf. 90061073) om du har spørsmål.

Comments closed

Kort prøvekjøring før billøpet i Bergen til helga

Det blir mulighet for ei kort prøvekjøring/testing på Vikedal Motorbane i morgon, onsdag 10. april, fra kl. 16.30. Dette gjeld, pga. av forholda, berre dei som er påmeldt til løpet i Bergen lørdag slik at dei kan sleppa å testa ulovleg på private vegar . Ved spørsmål, kontakt Glenn Olav, tlf. 48868331

Comments closed

Opning av Vestlandsmesterskapet

Etter at den første runden i Vestlandsmesterskapet, på Vikedal Motorbane måtte avlysast, er det no klart for sesongopning i mesterskapet på Eikås Motorsenter ved Bergen.

Frode Leirhol 1024

NMK Valdres-føraren Frode Leirhol vann opningsløpet på Eikås Motorsenter i fjor, og er på plass igjen på lørdag.

Comments closed