Press "Enter" to skip to content

Trening for bil og dugnad lørdag 3. oktober

Det blir trening for bil lørdag 5. oktober med dugnad frå kl. 10:00. Det ser ut til å bli fint arbeidsvær, så me nyttar sjansen til å få gjort litt ute-arbeid før klubbløpet:

  • Klypping av plenar (ta gjerne med eigen plenklyppar)
  • Kantklypping i skråning mellom dommartoppen og vektplata, og evt. andre stadar
  • Rydding av gras/kratt som er slått tidlegare
  • Rydding av tre/kratt i skråninga bak start (ta gjerne med motorsag)
  • Oppsjekk av gjerde mellom depot og vegen
    • sette opp igjen delen i sør som er falt ned
    • slå ned alle pålar slik at dei står godt fast
    • sjekke/reparere alle skjøytar/fester
  • Flytte prosjektorskjerm i klubbrommet
  • Raking/fjerning av stein på indre bane av knattecrossbanen slik at det kan klyppast med plenklyppar
  • +++++

Me håpar så mange som mulig tar turen og hjelper til med litt dugnadsarbeid.
For dei som ønskjer å delta på treninga finns all nødvendig informasjon angående gjeldande retningslinjer samt påmelding i skrivet som det er link til her:
Retningslinjer for trening -Covid19- NMK Vikedal 2020

Desse har ansvar:
Treningsleiar: Svein Erik Østbø – 90895398
Teknisk: Sveinung Holten Leifsen

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.