Press "Enter" to skip to content

Klubbløp for BC/RC/CK/MX

Last updated on 17. oktober 2020

Det er klart for klubbløpet 2020 og eit nytt napp i vandrepokalen for vinnaren i bilcross. Så langt har ingen klart 2 napp i pokalen, så det kan dra ut før nokon vinn den til odel og eige. Fjorårsvinnaren, Oliver Andrè Matre, kjørte litt på sommartreninga, men har ellers ikkje løpstrening i år. Eirik Sandvik, Sølve Østbø og Joakim Bruland er vel alle også klar for sitt andre napp. Jon Bjarte Aarekol var dristig og garanterte fint ver til septemberløpet i år, men me trur kanskje ikkje han utfordrar det treffet med ny garanti, men me håpar. Ettersom det er eit spesielt år, er det litt usikkert kor mange som vil delta. Merk at ordinær påmeldingsfrist er sett til tirsdag 6. oktober slik at det kan gjerast justeringar på opplegget for å gi eit godt tilbud til alle. På løpet i september var det 8 førerar i BC jr. (eit par mista vel bilen), 12 førerar i senior (deriblant ei jente som mista bilen) og 4 i RC. I senior kjem det nok nokre fleire, men det er viktig at alle juniorane stiller og at alle hjelper til for å få det til.

Årskontrollantane er klar til å ta kontroll på ny bil om nokon treng det. Ta kontakt med Jon Bjarte, tlf. 994 53 325, om du treng kontroll. Hugs at etter 1. september er det halv pris på lisensane. Ord. lisens BC kostar no kr. 725,-, BC jr. 425,- og vognlisens BC 520,-. I bilcross kan ein og delta med eingongslisens til kr. 300,-.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær. Opplysningane om funksjonæren må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte av funksjonær, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd. Det er og viktig å merka seg at innmeldte vakter MÅ møta sjølv om føraren melder avbud (evt. må føraren møta sjølv).
Førebels er det sett opp at deltakerane kan ta med to personar, men det kan bli endringar på det om myndighetene tillet fleire. Vi oppmodar alle til å melda inn flest mogleg vakter. Det kan gjerast til bil(a)nmk-vikedal.net.

Påmelding
Foreløpig startliste
Tilleggsreglar – bilcross (13. okt. – retta dato og løpskomite)
Tilleggsreglar – crosskart

Førarmelding nr. 1  (Viktig!! Endring av tidsplan. Start kl. 11:00)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.