Anleggsgruppa

Ny dugnad onsdag 25. juni frå kl. 18.00

Mykje godt arbeid vart utført på lørdag som de kanskje har sett, men den siste finpussen gjenstår før anlegget er strøkent til todagaren til helga. Det blir derfor ei ny økt onsdag kveld frå kl. 18:00. Det er veldig kjekt om vi får sjå nokre nye ansikter, sidan det er mykje dei same som går igjen på dugnadane. Arbeidsoppgåvene vil vera kantklipping, plenklipping, steinhenting dersom skrapinga har lurt fram nokre av dei, rigging av depot med kablar, rydding osv.

Det går i allefall ikkje å skulda på dårleg ver, sjå her…

Dugnad lørdag 22. juni kl. 10:00

Sidan skuffande få bilførerar skal delta på 3. VM-runden i Bergen til helga, reknar me med at alle andre aktive førerar (og andre) stiller på dugnad lørdag 22. juni frå kl. 10:00 og utover. Det er klargjering til Todagarscrossen som er viktigast. Sidan det blir dekning på TV Haugaland, er det viktig at skråningar og plenar blir klypt, så anlegget er presentabelt. Klubben disponerer plentraktor og minst ein kantklyppar, så om nokon kan ta med vanleg plenklyppar, plentraktor, kantklyppar (helst med trekant-blad) og kanskje ryddesag (hugs verneutstyr), vil det vera kjempebra. Dess meir utstyr, dess raskare går det å bli ferdig.
Og motocrossførerar er sjølvsagt og hjerteleg velkomne.

Nybygg – fotogalleri frå bygginga

Klikk på «Les meir» for å sjå fleire bilder, og klikk på bilda for å sjå heile bilda.

Fredag 21. des. var nybygget tett, og det vart halde kranseskål

Dugnad før todagarscrossen

Følgande ting treng å gjerast før løp:

  1. Klypping (kantklypping)
  2. Rigging av depo
  3. Steinplukking på banen
  4. Evt andre ting som dukker opp

Fint om dei som har plenklyppar/kantklyppar kan ta dette med😊

Dugnaden finner sted onsdag og torsdag fra kl 18-21.

Oppfordrer førarar/ medlemmer til å komme å gjerne anlegget vårt fint til løp😊

Vennlig hilsen løpsledar, Svein Bjarte Holten. Tlf: 98283791

 

 

Kombinert dugnad og trening lørdag 21. april

Det blir kombinert dugnad og trening lørdag 21. april. Innsjekk for trening mellom kl. 12.00 og 13.00.
Treninga startar når det har blitt gjort nok dugnadsarbeid 🙂

Aktuelle arbeidsoppgåver:
– Vasking av alle lokaler
– Rydding av boss på banen/vaktpostar, depot og publikumsområde
– Gjerding mellom veg og depot
– Slodding av depot
– Oppsetjing av sperregjerder
– Rensking av slukar/sandfangkummar
– Testing av tjuvstartanlegg
+++++

Kontaktperson, dugnad: Svein Bjarte Holten, tlf. 982 93 791
Treningsleiar: Jon Bjarte Aarekol, tlf. 994 53 325

Dugnad lørdag 27. mai frå kl. 10:00

Klargjeringa til NM-runden går framover, men det gjenstår fortsatt ein god del arbeid. Denne gongen oppfordrar me spesielt alle som ikkje har vore på dugnad så langt om å delta, men alle skal sjølvsagt få noko å gjera. Her er litt av de som skal gjerast:

  • Klargjering for montering av litt nytt rekkverk
  • Finpuss/rydding/steinplukking i depot, publikumsområde og på banen
  • Klypping av plenar og skråningar
    • Sigurd Kilane har påtatt seg kantklypping, men treng sikkert litt hjelp av fleire (ta gjerne med eige utstyr)
  • Oppsjekk av tregjerde mellom depot og vegen
  • Litt maling gjenstår (speakerbu, dommarbu og litt gjerde)
  • Rigging av sperregjerder
  • Vasking/klargjering av Vikedal Sæter til overnatting
  • Vasking av klubblokaler

Dugnad lørdag 20. mai kl 10.00

Lørdag stille vi opp på dugnad alle mann, anlegget skal skinne til NM runden 🙂

Er lørdag en dårlig dag for deg, ta kontakt med Michael 979 53 515 han kan fortelle deg hva du kan gjør en dag som passer deg 🙂

Dugnadar før NM-runden, første kommande lørdag

Det blir fleire dugnadar før NM-runden for å få gjort alt klart. Første dugnaden er på førstkommande lørdag, 13. mai, frå kl. 10:00. Ansv. er Michael Jensen. Det er meldt fint vær, så maling er ei aktuell oppgåve.
Andre aktuelle oppgåver:
– klargjering av depot
– generell rydding
– montering av dekkbarrierer
– beising av terrasse
– sjekk av tidtakarsløyfe

Dugnad på banen og depot torsdag klokken 1800

Då er det snart løp i Vikedal! I det siste har me gjort mange oppgraderinger i depot og nedkjøring til banen. Men me trenger hjelp for å bli helt ferdige til løpet! Håper alle kan møte opp på en dugnad på motorbanen i kveld klokken 1800 🙂 Dei største oppgavene er å legge opp strøm til nye delen av depot, lage til innkjøring og parkering for besøkende og sette opp gjerder rundt publikums området. Dette må fikses før løpet kan startes 🙂 Vel møtt!

Klargjering av banen før løpet

Det er nokre oppgåver som MÅ gjerast på banen før løpet

  1. Fjerna gamalt autovern som ligg på ambulanse parkering (dommartoppen)
  2. Rydda flaggpostane for søppel
  3. Plukka stein på banen
  4. Renska slukane
  5. Grava opp grøft i alternativsporet ved mål
  6. Sjekka startlys og tjuvstartsystem
  7. Nye tal på rundetellartavla
  8. Ferdigstilling av dekkbarriere ved ny betongmur ned asfaltbakke – RC

Løpsledar vil vera svært takknemleg om nokon kan få gjort dette og gi melding tilbake.
MVH
Svein Bjarte Holten, løpsledar
Tlf. 98283791