Klubbane som organiserar Vestlandsmesterskapet skal ha møte i byrjinga av februar for å setja opp terminlista og reglane. Har du meiningar om dette (kva løp/kor mange/strykningar/klassar/ tekniske restriksjonar osv.) kan du kontakta Hallvard Finnvik, som er NMK Vikedal sin representant. Han når du på tlf. 99001824 eller hallvard(a)finnvik.com
Det er veldig demotiverande for dei som prøver å gjera ein jobb med dette å få mange negative innspel/diskusjonar på internett etter at sakene er avgjort.
NMK Vikedal Posts
Bilgruppa vil fortsetja med så mange treningar som råd. Dei har sett opp ei eiga gruppa som skal jobbe med dette. Det vil sannsynligvis ikkje bli så mange treningar i mai pga. preparering og klargjering til NM-runden, men det får ein ta igjen etterpå.
Comments closedUnder «Bilgruppa» finn du terminlista for bil 2013. Løpsdatoane er no sikre, men det kan kanskje bli justeringar på korleis løpa vert avvikla.
Comments closed
NBF si premieutdeling gjekk føre seg på Thon Hotel Arena i Lillestrøm sist lørdag. Det var utdeling av medaljar i Norgesmesterskap, Norgescup og NEZ, saman med andre utmerkingar. Geir Harald Skeie var på plass for å motta premie for 5. plass i NEZ-mesterskapet 2012, og som deltakar i Team Norway, som vann nasjonskonkurransen.
Comments closedNytt styre har stabla seg på beina, og har mangt og mykje å gripa fatt i. Me har fokus på mulighetene, og tar utfordringane som måtte koma etter beste evne. Me veit at det er mange medlemmer i klubben som har mykje kunnskap om motorsport og gode innspel er me opna for.
Medlemmene i bilgruppa, anleggskomiteen og MX-gruppa har nok oppgåver å gripa tak i, og dei er godt i gang med arbeidet.
Med mange positive medlemmer og gode personar i gruppene har eg god tru på eit nytt, spennande og godt motorsport år.
Ynskjer alle medlemmer og støttespelarar i NMK Vikedal ei fredeleg julehelg og eit godt nyttår i vente.
Helsing styret i NMK Vikedal
Kari Holten Leifsen (leiar)