Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal Posts

Fortsatt snø og is skapar problem for praksiskjøringa

Kulda som fortsatt herjar Vestlandet gjer at det fortsatt ligg snø og is på motorbanen. Dermed må praksiskjøringa for juniorkurset utsetjast inntil vidare. Det var og planlagt trening etter praksiskjøringa, men den går og sjølvsagt ut. Tiltak som salting og grusing vil bli sett i verk, men det hjelper lite når det var ned mot12 kuldegrader i går. Nå kryssar me fingrane for mildare ver slik at sesongen endeleg kan ta til.

Comments closed

Godt over 30 bilar på første årskontrollen

   Over 30 bilcrossbilar og 2 rallycrossbilar møtte til den første årskontrollen i Sandeid i dag. Det har vel aldri skjedd før at det har vore så mange bilar til kontroll. Det lovar godt for ein sesong med høg aktivitet, spesielt ettersom det var mange juniorar som møtte med bilane sine. Fleire av dei er nye av året og var på teorikurs torsdag kveld, og me håpar banen er klar til praksiskjøring om 14 dagar.
Dei fleste bilane vart godkjent, men nokre må møta til ny kontroll. Bilane skal vera klar til løpsstart når dei stiller til kontroll, og då bør motoren gå, og stol og selar vera på plass.

 

 IMAG0128

 Køen var til tider lang. Ein Ford Ka var ein av få nybygde bilar.

Comments closed

Arkivet, «gamle sida» tilgjengelig

Hei,

Forstår at nokon har savna å finna den gamle heimesida, beklagar at den ikkje vart oppdatert med det same.

No skal dette vera mulig og ingenting skal vera tapt.

GOD HELG!

Kari HL

Comments closed

Ny heimeside

Hei alle!

Med god hjelp av Jarl André Holten Leifsen har NMK Vikedal fått ny heimeside. Det er no enklare for dei enkelte gruppene å leggja ut informasjon og oppdateringar. I tillegg har me fått på plass ein aktivitetskalender som skal gi oversikt over det som skjer av løp, kurs, dugnad, møter m.m. Me håpar dette kan bli eit godt verktøy for klubben.
Har de tilbakemeldingar eller er det noko de savnar, så kan de ta kontakt med nokon i styret.

mvh.Kari

Comments closed