Press "Enter" to skip to content

Finalane i Vestlandsmesterskapet

Søndag 5. oktober er det klart for finalane i Vestlandsmesterskapet 2014 på den nye banen til NMK Egersund. Dessverre fekk ein ikkje til eit erstatningsløp for bakkeløpsrunden som NMK Sandnes & Jæren avlyste. Dermed vert sluttresultatet i bakkeløpsmesterskapet slik stillinga var etter 2 rundar.

Atle Østerbø Veland er den einaste som er klar som samanlagtvinnar i bilcross junior før finalen. Alle dei andre plassane vil det bli kamp om, så skal ein hevda seg må ein melda seg på og stilla til start. I rallycrossklassane er det i tillegg 10 bonuspoeng til alle deltakerane i finalerunden, og dermed er kan bestemann i klassen auka sin poengsum med 31 poeng og snu opp ned på samanlagtlista.

Meld deg på her…
Tilleggsreglar
Foreløpig startliste
Vestlandsmesterskapet (reglar og stilling)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.