Press "Enter" to skip to content

Tette og spennande duellar i VM-finalen

Det vart som venta mange tette og spennande duellar under VM-finalen for bilcross og rallycross på Vikedal Motorbane i helga. Mange publikum hadde tatt turen til Vikedal i det fine haustveret, og dei fekk valuta for pengene.

Blant bilcross junior var det venta at førerar frå NMK Bergen ville dominera, men det skjedde heldigvis ikkje. Julian Helland frå Fitjar var innbland i ein stor smell på førre løp, men var tilbake for fullt denne gongen. Etter sterk kjøring var han nr. 2 etter innleiande omgongar. Simen Johansen frå Ølen kom og direkte til A-finalen, sjølv om det vart stopp i siste omgong. I starten i A-finalen vart det svært tett i første sving, der Helland snurra med hjelp av Johansen. Det var Thea Lutsi som tok teten framfor Vetle Lian, begge frå NMK Egersund. Thea Lutsi heldt på leiinga gjennom heile finalen og vann. Vetle Lian tok andreplassen medan Julian Helland fekk tredje- og Emilie Køhne, NMK Bergen, fjerdeplass. Magnus Skoglund, NMK Bergen, og Simen Johansen fekk begge sine andre advarslar og vart dermed sist i A-finalen. Skoglund vann likevel samanlagt i VM framfor Køhne og Simen Wilhelmsen, alle NMK Bergen. Simen Johansen vart beste NMK Vikedal-førar samanlagt på tiandeplass, men han kjørte berre 4 av dei 7 rundane.

Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal dominerte i dei innleiande omgongane i seniorklassa. Han vann alle sine heat, og hadde raskaste tid i tre av dei seks omgongane. Han fekk med seg Eirik Aasbøe frå Skjold som vann B-finalen etter tett kamp med Thomas Hundseid Eikeland, Vikedal, og Sigbjørn Østbø, Sandeid. I A-finalen tok Aarekol oppskriftsmessig leiinga framfor Lasse Aaberg, NMK Bergen. Aarekol hadde full kontroll såg det ut til, men ein liten runde før mål snurra han seg bort og måtte ta til takke med femteplassen. Det var Lasse Aaberg som kjørte inn til seier framfor Marius Helle Havre og Eirik Fjeldstad, alle NMK Bergen. Eirik Aasbøe tok fjerdeplassen framfor Aarekol og Nikolai Karlsen, NMK Bergen. Samanlagt tok med dette Lasse Aaberg sigeren 4 poeng framfor Marius Helle Havre og Anders Myking, alle NMK Bergen. Sigbjørn Østbø vart nr. 4, eit poeng bak tredjeplass, og Ole Lønning, Fitjar, nr. 5, fire poeng bak Østbø.

Åsmund Holten einaste lokale i rallycross

I rallycross klasse A var Stein Inge Moen, NMK Grenland, klar som vinnar samanlagt. Men han vann og finalen i Vikedal etter flott kjøring framfor Roy Andre Hosås, NMK Bergen, som og vart nr. 2 samanlagt.

I klasse C, inntil 2400 ccm. dominerte Åsmund Holten og hadde bestetid i alle omgongane fram tid den sjette og siste. Der var han innblanda i ein smell med ein konkurrent, og måtte stoppe. Han hadde likevel beste startspor i A-finalen, og tok leiinga ut frå start. Bak han var det tett kamp, men ingen klarte å ta igjen Holten som vann suverent. Jan Håkon Knutsen, NMK Sunnfjord, og Aleksander Stokke, NMK Bergen, tok dei andre pallplassane. Samanlagt var det Krister Bratli, NMK Bergen, som gjekk til topps framfor Jan Håkon Knutsen og Kristian Veseth, NMK Bergen.

Det var berre to deltakerar i klasse D, og når Ørjan Lutsi, NMK Egersund, måtte gi seg med tekniske problemer, vann Ivan Kallekleiv, NMK Vikedal og Osterøy. Kallekleiv vart nr. 2 samanlagt bak Arild Reiakvam, NMK Sunnfjord. Lutsi vart nr. 3. Åsmund Holten vart nr. 5 etter å ha kjørt berre 2 av 5 rundar.

Crosskartførerane, Daniel Veland Skeie (crosskart mini) og Endre Stople Enge (crosskart 85 ccm) hadde fin framgong og kjørte raskare og raskere for kvar omgong. Det lovar godt for vidare satsing sjølv om det ikkje er fleire lokale konkurrentar.

Sesongen på Vikedal Motorbane vil bli avrunda med klubbløp lørdag 15. august. Då vil og motocrossførerane delta i konkurransen.

Resultatlister for løpet finn du her:
Oppslagstavle for haustløpet, finalen i Vestlandsmesterskapet – NMK Vikedal (nmk-vikedal.net)

Samanlagtresultater for Vestlandsmesterskapet finn du her:
https://www.vestlandsmesterskapet.no/

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.