Press "Enter" to skip to content

Klubbmesterskap lørdag 15. oktober

Last updated on 6. oktober 2022

Lørdag 15. oktober er det klart for klubbmesterskap for bilcross, crosskart og motocross.

Det blir same opplegg som tidlegare år med start kl. 12:00. Bil kjører 3 omgongar + finalar, medan motocross kjører ein treningsomgong og to heat. Om deltakinga blir som venta, er siste finale i mål ca. kl. 16:20.

Motocross finn tilleggsreglar og påmelding ved å følgja denne linken…
I år blir det arrangert med oppvisningsklasser i 50/65 og 85 ccm. Det blir kåret klubbmester i 85 ccm. Alle må ha gyldig medlemskap i NMK-Vikedal og nasjonal lisens for å delta (kom og prøv-lisens er dessverre ikkje godt nok). Oppdatert informasjon kan og finnast på Facebook-sida til MX-gruppa.

Hugs at det går å kjøra på eingongslisens for dei som ikkje har løyst lisens for heile året, men medlemskap i NMK Vikedal må vera i orden og betalt. Eingongslisens for bilcross (ikkje junior) kan kjøpast på nett (Konkurranse – Bilcross (ikke junior) – Bilsportlisens). Då skriv du «Eingongs» i feltet for lisensnr. i påmeldinga.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Påmelding – bil
Førebels startliste – bil

Tilleggsreglar/påmelding/startliste – MX

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.