Press "Enter" to skip to content

Joakim til topps i NM-runden på Momarken

Joakim Rønnevik gjorde det best av våre i den 3.  NM-runden på Momarken 22. juni. Han fekk revansje for girkassefestene som fråtok han seieren på heimebane og gjekk heilt til topps i rallycross junior. Åsmund Holten og Kenneth Johansen var heller ikkje langt unna seierspallen i sine klassar.

Joakim la grunnlaget for seieren i rallycross junior med to andretider og ei bestetid i dei innleiande omgongane. Det gav beste startspor i A-finalen, og den fordelen tok han godt vare på gjennom første sving. Deretter kunne han kontrollere leiinga inn til mål. Joakim ligg fortsatt på andreplass i rallycross junior cup med sine 67 poeng, 9 poeng bak Lise Marie Sandmo, NMK Drammen.
     Åsmund Holten i klasse 1 opna sterkt med andretid i første omgong. I andre omgong vart det berre tiandetid etter ei snurring med litt hjelp frå andre. Han var difor avhengig av ei god tid i tredje omgong for å gå direkte til A-finalen. Ei sjettetid gjorde at det heldt akkurat. I A-finalen hadde han eit håp om å avansera til sin første pallplass, men det gjekk ikkje og det vart ein ny fjerdeplass. Han ligg og på fjerdeplass i NM med 52 poeng, 10 poeng bak tredjeplassen.
      I klasse 2 opna 1. omgong med alle våre 3 deltakerar i same heat. Ernst Holten Leifsen tok starten og opparbeida seg ei leiing til Kenneth Johansen på andreplass, medan Daniel Holten sleit seg rundt utan servostyring. Ernst skulle sikra seieren med å ta alternativsporet i siste runde, og fulgte med rundeteljaren og tok alternativsporet i siste runde. Dessverre viste det seg at dei kjørte ein runde for mykje, slik at Ernst vart diska frå ei beste- eller nestbestetid. Kenneth, som låg bak Ernst, kom i mål til nestbestetid, 2,9 sek bak bestetida. Ernst hadde 4,1 sekund betre tid (utan alternativsporet) enn Kenneth. Daniel fekk ei tiendetid i denne omgongen.
     I 2. omgong var Kenneth og Daniel i same heat igjen, og denne gongen var det Daniel som var raskast. Han kjørte inn til femtetid, medan det vart tolvtetid til Kenneth. Ernst valde feil dekk, kom dårleg ut frå start i eit dårleg heat, kom seg ikkje forbi og fekk ei trettendetid. Alle våre var avhengig av ei knalltid i 3. omgomg for å koma seg oppover i finalane. Kenneth og Ernst var no i same heat. Kenneth vann heatet og kjørte inn til åttandetid, medan Ernst hamna bak i køen og fekk ei ny trettendetid. Daniel fekk ei sjettetid i det siste heatet i omgongen. Dermed var både Kenneth (2. spor) og Daniel (3. spor) i B-finalen. Ernst hamna rett utanfor finalane som i Vikedal, men ei utelukking i C-finalen gjorde at han vart nr. 14.
I B-finalen var det Daniel som hadde den beste starten, og var heilt oppe i ryggen på Steinar Stokke som hadde bestesporet. Slik var det heilt til Daniel tok alternativsporet. Då sklei han litt ut og tapte nok tid til at Kenneth kunne passera. Dermed var det Kenneth som rykka opp til  A-finalen saman med Steinar Stokke, medan Daniel kom inn til ein 7. plass totalt. I A-finalen kjørte Kenneth inn til ein 5. plass, og ligg med det på 4. plass samanlagt i NM med 54 poeng, 16 poeng bak Lars Øivind Enerberg som leiar. Daniel ligg på 6. plass med 43 poeng.

For Bjørn Magne M. Enge opna det bar med ei oppløftande 7. tid på tidstreninga. I 1. omgomg skulle det satsast for å gjera det enno betre, men satsinga vart litt for hard og det enda mest med velt og 19. tid. I 2. omgong vart det ei grei 13. tid, medan det vart 18. tid i 3. omgong. Dermed vart det 19. plass på Bjørn Magne, som no ser fram til kjøring under folkefesten i Høljes.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.