Press "Enter" to skip to content

Tre på pallen i bilcross på Eikås

Last updated on 15. juli 2013

Olav B. Bjelland gjekk til topps og Oliver Matre vart nr. 3 i VM-runden for bilcross junior i Bergen. I seniorklassen klarte Per-Gaute Østbø ein tredjeplass.

Seierspall - bilcross junior
Olav på toppen av pallen, Robert Andrè Heimvik, NMK Bergen, på andre- og Oliver på tredjeplass.

Olav kunne kjøra inn til ein klar seier i bilcross junior med sin VW Golf i 3. runde i Vestlandsmesterskapet i Bergen i helga. Etter fleire løp med motorhavari for Olav, lukkast det endeleg for han. Med 4 førsteplassar og 1 andreplass i dei innleiande omgongane gjekk han rett til A-finalen. Der tok han starten og kontrollerte inn til ein klar seier. Oliver Matre kjørte inn til ein tredjeplass med si VW Boble. Av dei andre NMK Vikedal-førerane som kom til finalane vart Asbjørn H. Lærdal nr. 8, Anders Lint Moland nr. 11, Sølve Østbø nr. 12 og Andrè Hustoft Nesheim nr. 14. Lars Erik Stangeland hadde problemer med clutchen, men fekk bytta den til søndag men det heldt ikkje til finale og han vart nr. 20. Julie Mæland måtte gi seg alt på lørdag då girkassen gav opp. Med ein andreplass vart det 21. plass på Julie.
Samanlagt i Vestlandsmesterskapet leiar fortsatt Andrè Hustoft Nesheim med 38 poeng, 2 poeng framfor Asbjørn H. Lærdal og 11 poeng framfor Olav B. Bjelland. Neste utfordring for mange av bilcross junior-førerane i NMK Vikedal, er Landsfinalen for bilcross junior den 27. juli på Bollandsmoen Motorbane i Melhus, rett sør for Trondheim. Der møtest dei beste juniorane i landet som har kvalifisert seg ut frå resultata i spesielle kvalifiseringsløp. Heile 10 av førerane i NMK Vikedal er kvalifisert, og dei fleste satsar på å delta.

I bilcross senior-klassa i Bergen var det nok ein gong Per-Gaute Østbø som gjorde det best. Han kvalifiserte seg til B-finalen, vann denne og gjekk dermed til A-finalen. Der kjørte han inn til ein fin tredjeplass bak Anders Hjelmås og Ole Jørgen Hansen, begge NMK Bergen. Monica Weltzin Pedersen, NMK Vikedal, vart nr. 15.  Dessverre var det berre desse 2 frå NMK Vikedal som stilte til start i seniorklassen.
Samanlagt ligg no Per-Gaute på tredjeplass med 27 poeng, 10 poeng bak leiaren, Anders Hjelmås frå NMK Bergen.

Seierspall - bilcross
Anders Hjelmås vann BC framfor Ole Jørgen Hansen, begge NMK Bergen, medan Per-Gaute Østbø vart nr. 3.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.