Press "Enter" to skip to content

Andrè H. Nesheim til topps og Asbjørn H. Lærdal på tredje

Last updated on 3. juli 2013

2. runde i Vestlandmesterskapet for bilcross skulle gått på den nye banen til NMK Egersund 23. juni, men pga. streng vinter var arbeidet med den forsinka og banen ikkje klar enno. NMK Egersund fekk låna Kvinlog Motorstadion av NMK Kvinesdal, og flytta løpet dit. NMK Vikedal var godt representert med 6 juniorar og 4 seniorar.

Når løpet starta, kom det nokre kraftige regnbyger som gjorde forholda vanskelege resten av dagen. I juniorklassen var det både 2 og 3 deltakerar frå NMK Vikedal i dei første heata, men både Anders L. Moland og Andrè H. Nesheim sikra seg heatseier. Asbjørn H. Lærdal og Lars Erik Stangeland tok andreplassar, medan Sølve Østbø og Julie Mæland tok tredjeplassar.
I andre omgong var Anders og Julie i same heat. Anders hamna litt bak i feltet, og etter ei feilberekning av ei forbikjøring, hamna Volvoen til Anders delvis oppe på panseret til Julie og begge vart ståande. Andrè tok ein ny heatseier, og det klarte Sølve og.  Asbjørn og Lars Erik tok nye andreplassar.
Etter god innsats av mekanikerane var både Anders og Julie klar til 3. omgong. Anders klarte ein ny heatseier, medan Julie kjørte inn til femteplass etter at ho mista bremsane. Andrè og Asbjørn sikra seg og heatseierar, medan Sølve rota det litt til og vart nr. 4. Lars Erik fekk dessverre ikkje kjørt 3. omgong, då bilen nekta å starta. Dermed hamna han rett utanfor finalane på 12. plass. Julie vart nr. 16.
      Anders og Sølve var i B-finalen. Anders fekk stopp nokså tidleg. Sølve var med i kampen om opprykk til A-finalen, men klarte ikkje heilt å halda føgje med ein Golf og vart nr. 7.  I A-finalen var Andrè like suveren som i dei innleiande heata og vann som han ville. Asbjørn kjørte og godt, og kom til mål som nr. 3.

Seierspall_Kvinesdal_23062013
Andrè H. Nesheim var suveren og inntok toppen på pallen. Ruben Erland, NMK Konsmo, vart nr. 2 og Asbjørn H. Lærdal nr. 3 (trykk på bildet for å sjå heile).

      I Vestlandsmesterskapet leiar no Andrè med 35 poeng, 8 poeng framfor Asbjørn og 15 poeng framfor Steffen Hjelmås, NMK Bergen.

I seniorklassen vart ikkje resultata like bra ettersom ingen av våre kom til finalen. Best vart Anfinn Mæland som vart nr. 22, Monica W. Pedersen og Sigbjørn Østbø delte 38. plass, medan Silje Renèe W. Pedersen kom frå Australia berre for å bli påkjørt med hol i bensintanken som resultat.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.