Press "Enter" to skip to content

Ingve Andrè Strand nr. 6 i SM i Høljes

Ingve Andre Strand i HøljesMedan dei fleste motorfrelste vestlendingar var i Vikedal på NM-runde i rallycross, var Ingve Andrè Strand og sonen Anders i Høljes for å kjøra første runde i det svenske mesterskapet for crosskart som oppladning før NM startar. Det var heile 109 deltakerar i løpet, som er ny rekord.

Det opna bra for Ingve Andrè med andreplass og førsteplass i dei første to omgongane. I tredje omgong oppstod derimot problema. Ingve Andrè leia klart då crosskarten plutseleg stoppa. Det viste seg etterpå at forgassaren hadde losna. Dermed vart det litt lite poeng, men det heldt akkurat til plass i B-finalen. I B-finalen såg det lenge ut til at det var to svenskar som skulle gå vidare til A-finalen, men med ein kjempespurt klarte Ingve Andrè andreplassen og sikra seg plass i A-finalen. I A-finalen kjørte alle godt, så det var vanskeleg for Ingve Andrè å avansera særleg. Han kjørte seg likevel opp nokre plassar og vart nr. 6. Hadde det ikkje vore for forgassaren som losna, kunne han nok kjempa heilt i teten.

Sonen, Anders H. Strand, kom seg til ein C-finale etter å ha blitt nr. 6, 4 og 5 i dei innleiande omgongane. I C-finalen tok han starten, men det heldt ikkje heilt inn og han vart til slutt nr. 18 i klassen.

Komande helg er det første NM-runde for crosskart på Lyngås saman med NC for rallycross nasjonal. Der skal Ingve Andrè vera med heilt i toppen, sidan målet i år er å bli norgesmester igjen.

Ingve og Anders Strand i Høljes
Ingve Andre, Martin (far og bestefar bak) og Anders H. Strand på plass i Høljes

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.