Press "Enter" to skip to content

Daniel Holten vidare i Supercar

Det er no klart at Daniel Holten også i år køyrer den norske og svenske EM-runden i rallycross på Lånke og Høljes i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Holten Motorsport stiller med tre bilar i tre klassar.

Daniel Holten - Volvo C30 - Foto Rune Johannesen-lite 
Daniel Holten over hoppet i Høljes i fjor (Foto: Rune Johannesen) 

For Daniel Holten blir dette ein ny mulighet til å prøve seg i Supercar saman med dei beste rallycross-sjåførane i Europa.
Petter Solberg og Martin Schanche  er hans to store forbilde, og no får han køyre i same klasse som ein av dei, nemleg Petter Solberg.
-Berre å vere på same startlista er stort, og om eg får køyre fram til start saman med han, enten på Lånke eller Høljes, blir eg nok ekstra nervøs av det, seier Daniel, som også ser fram til å køyre saman med Andreas Bakkerud, tidlegare klassekamerat på Stjerneskolan, som køyrer fast i Supercar.
Også i fjor køyrde Daniel Holten desse to løpa, var i A-finalen på Lånke og nesten i A i Høljes.
-Var heldig på Lånke, der eg testa nokre veker før, på same føre som under løpet. I Høljes kom regnet og då sleit eg litt på eit føre som var uvant for meg med ein kraftig firehjulstrekkar.  
I fjor betalte Daniel Holten mykje av EM-satsinga sjølv, denne gongen er det sponsorar som betaler.
– Det går framover, og målet med køyringa denne gongen er å prøve å kome vidare mot ein full EM-sesong i Supercar neste år, seier han, og legg til at eit vidare samarbeid med Frode Holte kan bli aktuelt.
– Utan at noko er avklart har dette vore drøfta. Frode Holte byggjer ein ny Hyundai  i20 Supercar, og tanken, om me får dette til, er at eg skal køyre vidare med Volvoen, seier Daniel, og legg til at han godt kan tenkje seg eit slikt opplegg.
-Samarbeidet med Frode Holte og hans team fungerte veldig bra i fjor, og han har vore aktiv for at me skulle få til eit nytt opplegg i år, og det er positivt, seier han, som til slutt takkar dei som hjelper han.
-Eg har mange flinke folk rundt meg som gjer ein knalljobb for å få dette til.

Daniel Holten (t.v.) og Frode Holte -  lite
Daniel Holten og Frode Holte fortset samarbeidet i EM-rundane i Norge og Sverige.

Tre bilar i tre klassar
Det er dermed også klart at Holten Motorsport vil vere representert i alle dei tre EM-klassane på Lånke og i Høljes i år. Åsmund Holten køyrer sin Citroen Saxo i Super 1600 og Ernst Holten Leifsen sin Citroen DS3 i Touring Car, i desse to løpa.

Holten Motorsport-2-lite
Holten Motorsport med tre bilar, tre sjåførar i tre klassar. Åsmund Holten (t.v.) i Citroen Saxo i klassen Super 1600, Ernst Holten Leifsen i Citroen DS3 i klassen Touring Car og Daniel Holten i Volvo C30 i klassen Supercar.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.