Landsfinalen junior 2015 | NMK Vikedal

Landsfinalen junior 2015

Marius Bermingrud til topps i våt Landsfinale i Vikedal

Mange hadde møtt opp på Vikedal Motorbane for å sjå dei aller tøffaste juniorane frå heile landet slåss om bilcross jr.-klassen sin gjevaste tittel: Vinnar av Landsfinalen 2015.

Marius Bermingrud_lite

Marius Bermingrud køyrde seg opp frå C-finale til A-finale, og kunne til slutt stå øverst på seierspallen.

Landsfinalen på Viasat Sport onsdag kl. 18:00

Reportasjen som TV Media har laga frå NMKs landsfinale for bilcross junior på Vikedal Motorbane lørdag 1. august blir sendt på Viasat Sport onsdag 5. aug. kl. 18:00 og søndag 9. aug. kl. 14:30.
Etter at programmet er vist på Viasat Sport, blir sendinga tilgjengeleg på injection.no

Uoffisielt sluttresultat

Uoffisielt sluttresultat før protestfristen er gått ut.

Sluttresultat – uoffisielt

Resultater, 2. omgong i Landsfinalen

Resultat 2. omg

Resultater, 1. omgong

Resultat 1. omg

Tidsplan for løpsdagen

Tidsplan for NMKs Landsfinale for bilcross junior lørdag 1. august 2015 (med forbehold om endringar):

Kl. 08:00  Førarmøte
Kl. 09:00  Start 1. omgong med 2. omgong fortløpande

Kl. 12:00  Førarpresentasjon

Kl. 13:00  Start 3. omgong

kl. 15:00  Finalar

Ca. kl. 16:10 Finalar ferdig

Er det Vestlandet sin tur til å vinna i år?

Vi har sett litt på tidlegare resultat i Landsfinalen som i år blir arrangert for niande gong. Av dei 8 tidlegare finalane har trønderar vunne 2 (Arne Christian Valan i 2008 og Thomas Hårberg i 2011), sørlendingar 2 (Fredrik Ågedal i 2013 og 2014) og østlendingar 4 (Jim Joar Weggersen den første i 2007, Malin Gjerstad i 2009, Simon Wågø Syvertsen i 2010 og Petter Leirhol i 2012). Dermed er det vel på tide at vestlendingane eller nordlendingane går til topps i år? Steffen Hjelmås er beste vestlending med 2. plass i fjor, medan nordlendingen Jonas Dalseth Jacobsen fekk same plassering i 2009.

Etter å ha sett litt på resultata tidlegare i år, er det mange som kan gå til topps i år. Under har vi lista opp resultata i nokre av dei mest prestisjefylte løpa i år. Den som går igjen flest gonger er vel Simen Engsvik frå NMK Aremark, så kanskje han er den største favoritten? Eller er det nokon som har spart grombilen til Landsfinalen?

Vi har lagt ut same spørsmålet på Facebook-sida til Landsfinalen, Landsfinale jr 2015, så gå dit og legg gjerne inn din favoritt.

Startprogram

Til alle deltakere i NMKs Landsfinale for bilcross junior 2015 på Vikedal Motorbane lørdag 1. august.

Her er startprogrammet for Landsfinalen for bilcross junior 2015 med litt mer detaljert tidsplan og startliste. Vi legger også med en kopi av tilleggsreglene.

Det er mange som har bestilt plass på campingen for de som ikke ønsker å overnatte i depotet, men det er fortsatt noe ledig plass. Husk å tipse familie og venner om dette. Plass kan bestilles ved å sende en e-post til camping@landsfinale.no, evt. spørsmål til Joakim Rønnevik, tlf. 482 44 027

Banketten er også åpen for alle, både familie og venner er hjertelig velkomne. Invitasjonen/program for banketten finner du her: http://www.nmk-vikedal.net/wp/wp-content/uploads/2015/07/Invitasjon-NMK-jr-landsfinale.pdf
Husk påmelding på e-post til bankett@landsfinale.no så snart som mulig slik at vi vet noenlunde hvor mange vi blir.

Har du spørsmål vedr. depotet, kan du kontakte depotsjef Svein Bjarte Holten, tlf. 982 83 791.

Hjertelig velkommen til NMKs landsfinale for bilcross junior 2015 i Vikedal!

 

Siste trening før Landsfinalen

Siste trening på Vikedal Motorbane før landsfinalen gjekk i går kveld. Her er bilder av 3 av landsfinaledeltakerane som var å testa bilane sine og banen.

TV-sendinga frå Bilcross junior Challenge

5 av dei 8 finalistane i Bilcross junior Challenge er påmeldt til landsfinalen. Som ei opplading kan du her sjå TV-sendinga som TV-Media laga som viser litt av det dei var gjennom i konkurransen før Sølve Østbø vart kåra til vinnar. Den viser m.a. heile den fysiske testen til Sølve.
Sjå sendinga her