Press "Enter" to skip to content

Marius Bermingrud til topps i våt Landsfinale i Vikedal

Mange hadde møtt opp på Vikedal Motorbane for å sjå dei aller tøffaste juniorane frå heile landet slåss om bilcross jr.-klassen sin gjevaste tittel: Vinnar av Landsfinalen 2015.

Marius Bermingrud_lite

Marius Bermingrud køyrde seg opp frå C-finale til A-finale, og kunne til slutt stå øverst på seierspallen.

Det vart ein tøff kamp på Vikedal Motorbane. Etter fleire år med søking fekk NMK Vikedal tildelt Landsfinalen for bilcross junior i år, og den vart arrangert i skikkelig Vestlandsver. Det var vel kanskje ikkje dette førerane hadde forventa, etter trening med sol og fin sommartemperatur på fredagskvelden. Fleire av førerane hadde tatt turen langvegsfrå for å få med seg løpet. Ein av førerane, Christian Pedersen, kom frå Sulitjelma, men bur eigentleg på Svalbard.

Heimefavoritten Sølve Østbø stod med 20 av 20 moglege poeng etter to kjørte omgangar. Men i den tredje omgangen sleit Sølve med bilen, og klarte ikkje å halda følgje med dei andre, sjølv om han starta bra.
– Luftfilteret i bilen hadde vorte tett, noko som gjorde at motoren gjekk veldig dårlig, fortel Sølve. Hadde det ikkje vore for det hadde eg hatt A-finalen inne.

På grunn av den dårlige tredje omgangen hamna han i C-finalen, der han kom inn på andreplass, rett bak det som vart vinnaren av løpet, Marius Bermingrud.

Han som til slutt sto øverst på pallen hadde den vanskeligaste vegen til finalen. Marius Bermingrud stod med 22 poeng etter 3 omgangar, og var berre kvalifisert til fjerdesporet i C-finalen.
– Eg sleit med bilen gjennom dei innleiande omgangane, seier Bermingrud.
Når finalane starta slutta problema for Bermingrud, og det vart i staden full klaff.

– Då eg kom fyrst i mål i C-finalen var eg kjempenøgd. Etter det var det berre å gi alt og det var ein stor fordel å allereie kjenne forholda når eg stilte opp til B-finalen. Det førte til kjempestartar på det vanskelege føret. Bermingrud vant C-finalen framfor Sølve Østbø, vant B-finalen og tok til slutt sigeren heim etter å ha kjørt frå store profilar, som Simen Engsvik i A-finalen.

På pallen vart det til slutt Marius Bermingrud, KNA Eiker, øverst, med Jørn Håkon Stølen, NMK Kvinesdal, på andre og Simen Engsvik, NMK Aremark, på tredjeplass. Beste heimeførar vart Sølve Østbø på ein 12. plass.

Sølve Østbø i Corsa_liteSølve Østbø, NMK Vikedal, (fremst) leiar C-finalen framfor Marius Bermingrud, KNA Eiker, og Mads Kasa, NMK Hønefoss.

Offisiell resultatliste – Landsfinalen for BC jr 2015

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.