5 førerar frå NMK Vikedal tok turen til superfinalen på Lyngås Motorbane lørdag 28. sept. Dette var siste løpet på Lyngås, som etter over 40 år med billøp og mange minnerike EM-rundar no skal bli brukt til søppelsorteringsanlegg. Våre førerar markerte seg godt i avslutningsløpet, og kom alle til finalane.
Comments closedKategori: Bilgruppa
Joakim Rønnevik vann alle innleiande omgongane i NM-finalen i Skien, kom først i mål i finalen og hadde kontroll på samanlagtseieren, men juryen ville det annleis. Mest nøgd etter finalen var nok Moland Racing team med fjerdeplass til Kenneth Johansen og femteplass til Bjørn Magne M. Enge.
Lise Marie i yttersporet rundt første sving og prøver å pressa seg inn framfor Joakim. Det enda med at ho vart ståande på tvers framfor Joakim. (Foto. Rune Johannessen)
NMK Vikedal-førerane vann alle tre klassane i bakkeløpscupen etter andre og siste runden på Klepp. Det var berre 12 deltakerar i rallycross-klassane på Klepp, og berre 3 frå NMK Vikedal var skuffande.
Comments closed