Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal-førerane markerte seg i avslutningsløpet for Lyngås

5 førerar frå NMK Vikedal tok turen til superfinalen på Lyngås Motorbane lørdag 28. sept. Dette var siste løpet på Lyngås, som etter over 40 år med billøp og mange minnerike EM-rundar no skal bli brukt til søppelsorteringsanlegg. Våre førerar markerte seg godt i avslutningsløpet, og kom alle til finalane.

I klasse 1 satsa Åsmund Holten litt for friskt ned i Schanche-svingen i første omgong og vart ståande. I andre omgong gjekk det betre med andretid, medan han var raskast i tredje omgong. Dermed stod han ved sida av Mats Stensøy i A-finalen. Stensøy var raskast ut frå start, og dessverre vart Åsmund for ivrig inn i Schanche-svingen igjen. Han kjørte Stensøy av banen og fekk eit korrekt svart flagg for det.
         Daniel Holten var heilt i teten i dei innleiande omgongane i klasse 2. I første omgong vart det andretid, medan han i andre omgong sette dagens aller bestetid i klassen. I tredje omgong vart det ei ny andretid. Dette heldt til bestespor i A-finalen. Ernst Holten Leifsen kjørte og godt, og hadde sjettetid i første og andre omgong, og fjerdetid i tredje omgong. Kenneth Johansen hadde ikkje heilt dagen på Lyngås, og fekk berre ei åttendetid i første omgong. I andre omgong vart han diskvalifisert for å ha alle hjula utanfor banen, medan det vart ei femtetid i tredje omgong. Ernst var dermed klar for andrespor i B-finalen og Kenneth fjerdespor. Den vann Ernst, medan Kenneth vart nr. 3. I A-finalen Daniel starten, men ned mot Schanche-svingen fann Jan Gabrielsen ei opning på innsida og smatt forbi. Dette gjorde at det vart litt kaos i svingen, og Daniel snurra dessverre og fekk og ei punktering. Dermed var finalen kjørt for han. Ernst kjørte inn til ein fin femteplass, medan Daniel vart nr. 6 og Kenneth nr. 7.
          Bjørn Magne M. Enge håpa på å gjenta det fine resultatet i klasse 3 frå Skien helga før. Det opna ikkje så bra med punktering og brutt i første omgong. Andre omgong gjekk mykje betre og det vart ei fin tredjetid, og han følgde opp med fjerdetid i tredje omgong. Det gav fjerdespor i A-finalen, og det var første gong han var direkte kvaifisert til A-finalen i eit stort nasjonal løp. Han fekk ein god start i A-finalen og låg ei stund på tredjeplass. Sett i ettertid tok han nok alternativsporet, som jo er kortare på Lyngås, for tidleg, og tapte to plassar på det. Det enda sesongen med ein ny, fin femteplass på Bjørn Magne.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.