Bilgruppa

Resultater etter første dag av todagaren

Svein Bjarte Holten stilte med dagens lengste bilcrossbil (Foto: Thorbjørn Weltzin Pedersen)

Her er resultata frå første dag av todagaren. Mange gode prestasjonar, nokre litt uheldige som fekk sett banen opp ned, nokre heldige som slapp med skrekken på to hjul, men «alle» var enige om at det hadde vore ein kjekk dag 🙂
4. og 5. omgong + finalar startar i morgon kl. 12:30. Over 90 deltakerar som gjer sitt desidert beste for å komme først til mål.

Resultater – bilcross jr.
Resultater – bilcross

Ny dugnad onsdag 25. juni frå kl. 18.00

Mykje godt arbeid vart utført på lørdag som de kanskje har sett, men den siste finpussen gjenstår før anlegget er strøkent til todagaren til helga. Det blir derfor ei ny økt onsdag kveld frå kl. 18:00. Det er veldig kjekt om vi får sjå nokre nye ansikter, sidan det er mykje dei same som går igjen på dugnadane. Arbeidsoppgåvene vil vera kantklipping, plenklipping, steinhenting dersom skrapinga har lurt fram nokre av dei, rigging av depot med kablar, rydding osv.

Det går i allefall ikkje å skulda på dårleg ver, sjå her…

Dugnad lørdag 22. juni kl. 10:00

Sidan skuffande få bilførerar skal delta på 3. VM-runden i Bergen til helga, reknar me med at alle andre aktive førerar (og andre) stiller på dugnad lørdag 22. juni frå kl. 10:00 og utover. Det er klargjering til Todagarscrossen som er viktigast. Sidan det blir dekning på TV Haugaland, er det viktig at skråningar og plenar blir klypt, så anlegget er presentabelt. Klubben disponerer plentraktor og minst ein kantklyppar, så om nokon kan ta med vanleg plenklyppar, plentraktor, kantklyppar (helst med trekant-blad) og kanskje ryddesag (hugs verneutstyr), vil det vera kjempebra. Dess meir utstyr, dess raskare går det å bli ferdig.
Og motocrossførerar er sjølvsagt og hjerteleg velkomne.

Trening for bil onsdag 19. juni

Det blir trening for bil på Vikedal motorbane onsdag 19. juni. Innsjekk fra kl 17:00.

Treningsledar: Aleksander Skeie
Teknisk kontrollant: Anders L. Moland

Ta gjerne med ein kamerat eller to som kan hjelpe til med inntauing, start osv. under treningen.

Endeleg klart for sesongens høgdepunkt

Då er det endeleg klart for påmelding til sesongens høgdepunkt, 2-dagarscrossen i Vikedal. Etter blesten som vart laga rundt den i fjor, satsar vi enno høgare i år. Heile løpet blir strømma på TV Haugaland (www.tvh.no). Det kan kanskje bli snakk om eigen V8-klasse, ettersom det allerede er meldt om to stk med dette. Det går og rykter om mange andre heftige bilar til start.
Som vanleg er det kvalifisering til NMKs Landsfinalar for junior og senior.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om funksjonæren må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte av funksjonær, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd. Det er og viktig å merka seg at innmeldte vakter MÅ møta sjølv om føraren melder avbud (evt. må føraren møta sjølv).

Tilleggsreglar – bilcross
Påmelding
Foreløpig startliste (startnr. kan bli endra)

Endeleg startliste med korrekte startnr.

Vi minner om at førerar som kjører på eingongslisens ikkje er med i konkurransen eller kjem til finalar. Ønskjer ein å kjøpa eingongslisens ved innsjekk, skriv ein «Eindagslisens» i feltet for førarlisensnr.

Info til juniorer i NMK Vikedal

Viktig melding til alle juniorer:

Dåkke er alle velkommen til å bli med i NMK Vikedal sitt juniorteam😊

Mal taket på bilen blått (bilgruppa fikser lakk), få på tøffe klistermerker av Haugesund Sparebank og «juniorteam».

Nåken av fordelene med å være med på juniorteamet er gratis trening førstkommende lørdag (15.juni), samt reisestøtte til løp i Bergen og Egersund!

Husk påmelding til løpet i Bergen 22.-23. Juni.

Ta kontakt med Jon Bjarte Aarekol på tlf 99453325 eller via Facebook for å bli med på juniorteamet eller viss dåkke har nåken spørsmål😊

Trening for bil lørdag 15.juni

Det blir trening for bil lørdag 15. Juni😊

Treningsledar: Jon Bjarte Aarekol

Teknisk: Stian Espevoll

Innsjekk og teknisk mellom kl 12-13

Ta gjerne med ein venn eller to som kan bidra med sleping eller hjelpe til med andre ting under treningen 😊

Resultater frå 2. NM-runden i crosskart

Bjørn Cato Aarekol gjekk til topps i 650-klassen i ein våt NM-runde for crosskart i dag.
Fullstendige resultatlister:
Mini, 85 ccm og 125 ccm
250 ccm, 650 ccm og Xtreme
Gjesteklasse bilcross junior

Trening for bil onsdag 29. mai

Det blir trening for bil på Vikedal motorbane onsdag 20. mai. Innsjekk fra kl 17:00.

Treningsledar: Jon Bjarte Aarekol/Kenneth Johansen
Teknisk kontrollant: Sindre Vikedal

Ta gjerne med ein kamerat eller to som kan hjelpe til med inntauing, start osv. under treningen.

Pressemelding: Sølve Østbø til topps i bilcross i Egersund

Sølve Østbø frå NMK Vikedal gjekk heilt til topps i den 2. runden i Vestlandsmesterskapet for bilcross på Egersund Motorsenter søndag. Klubbkamerat Bjørn Cato Aarekol kjørte inn til sjuandeplass i bilcross junior, og rallycrossførerane frå NMK Vikedal nådde heller ikkje pallplass denne gongen.

Sølve Østbø til topps i Egersund framfor Jan Ola Kile, KAK, og Eivind Nevland, NMK Egersund.