Neste billøp blir 18. september

VM-runden 18. – 19. september vil bli redusert til ein dag, lørdag 18. september. Årsaka til dette er at konfirmasjonen i Vikedal er flytta til søndag 19. september, og vi må ta hensyn til naboar og nokre potensielle deltakerar/funksjonærar.
Vi satsar på at det blir full åpning av restriksjonane til då, slik at det blir eit fullverdig bilcross/rallycrossløp som alle kan delta på og vera publikum til. Vi kryssar fingrane for det, og kjem tilbake med tillegsreglar og annan informasjon når det nærmar seg. Løp blir det uansett.