Press "Enter" to skip to content

Klubbmesterskap søndag 9. oktober

Last updated on 28. september 2016

Søndag 9. oktober blir det arrangert 2016-10-09-plakat-klubblop-600klubbmesterskap i dei fleste greinene NMK Vikedal har utøverar, motocross, bilcross, crosskart og rallycross, på Vikedal Motorbane. Påmeldinga er no opna. Hugs å melda inn vakt (ikkje ditt tlf. nr.)

I bilcross klubbløp kan ein delta i konkurransen med eingongslisens. Førerar med HAJT-lisens kan og delta i bilcross junior. Alle må melda inn vakt/funksjonær som på vanlege løp. Du kan melda inn fleire vakter ved å senda e-post til vakt(a)nmk-vikedal.net.

Det blir ikkje sendt ut plakatar i posten. Trykk på plakaten til høgre, så får du opp ein versjon i høg oppløysing som du kan skriva ut og hengja opp. I tillegg er det fint om du deler den på sosiale medier.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Tilleggsreglar – rallycross
Påmelding
Påmelde så langt

 

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.