Press "Enter" to skip to content

Nedtur for Joakim Rønnevik i NM-finaleløpet

Joakim Rønnevik vann alle innleiande omgongane i NM-finalen i Skien, kom først i mål i finalen og hadde kontroll på samanlagtseieren, men juryen ville det annleis. Mest nøgd etter finalen var nok Moland Racing team med fjerdeplass til Kenneth Johansen og femteplass til Bjørn Magne M. Enge.

Joakim_Lise-Marie_finalen_RJ
Lise Marie i yttersporet rundt første sving og prøver å pressa seg inn framfor Joakim. Det enda med at ho vart ståande på tvers framfor Joakim. (Foto. Rune Johannessen)

Som nemnt dominert Joakim juniorklassen på Grenland Motorsenter. Men i finalen vart det eit samanstøyt med Lise Marie Sandmo i første sving. Etter finalen protesterte Team Sandmo på Joakim si kjøring og fekk dessverre medhald hjå juryen slik at Joakim vart plassert sist. At Lise Marie hadde ei påkjørsel av ein annan konkurrent i finalen som var langt styggare, fekk ingen følgjer. Lise Marie kjørte sjølv i depot fordi påkjørslen var stygg, men det fekk ingen følgjer for plasseringa. Dermed vann Lise Marie rallycross juniorcup med eit poeng framfor Joakim pga. ein svak jury.
          Åsmund Holten kjørte inn til andretid og to fjerdetider i dei innleiande omgongane i klasse 1 (inntil 1600 ccm). Dermed stod han i fjerde startspor i finalen. Han var ei stund oppe i leiing, men falt ned til femteplass etter at han var i alternativsporet. Samanlagt vart det ein fin fjerdeplass på Åsmund i hans første sesong i rallycross.
         I klasse 2 stod kampen om kven som skulle bli best av NMK Vikedal-førerane i NM. Kenneth Johansen på fjerdeplass hadde 6 poeng å gå på til Daniel Holten. Det var Kenneth som opna best med femtetid, før Daniel med sjette- og Ernst Holten Leifsen med åttendetid i første omgong. I andre omgong kjørte Daniel inn til tredjetid, men vart seinare diska etter litt for røff kjøring ut frå alternativsporet. Kenneth hadde ein svak omgong med to snurringar og fekk berre tiendetid, medan Ernst vart ståande i alternativsporet etter at 3 bilar prøvde å kjøra inn der samtidig. Daniel var best i tredjeomgong der han kjørte inn til fjerdetid, medan Kenneth fekk sjuandetid og Ernst tiandetid. Dermed var Ernst klar for 2. spor i C-finalen, medan Daniel og Kenneth stod ved sida av kvarandre i 2. rekke i B-finalen. Ernst vann C-finalen og dermed var halve B-finalen frå NMK Vikedal. Daniel hadde ein kjempestart og gjekk rett i tet, med Kenneth rett bak. Dessverre sklei han for langt ut i ein sving og måtte sleppa både Rudi Rossland og Kenneth forbi. Det vart og stillinga i mål. Ernst var på vei oppover i feltet då ein tur opp på curbsen øydela ei opphengskule og førte til punktering. I A-finalen kjørte Kenneth seg opp til ein fjerdeplass, og sikra seg med det fjerdeplass samanlagt i NM. Daniel vart nr. 7 i løpet og fekk femteplass samanlagt, medan Ernst vart nr. 10 og tok femtendeplass samanlagt.
         For Bjørn Magne M. Enge starta løpet med clutchproblemer og femtendetid i første omgong i klasse 3. Etter hektisk jobbing vart han klar med «ny» clutch til andre omgong, men ei punktering øydela den og. Attendetid gjorde at han måtte ha ei god tid i tredje omgong for å nå finalane. Det vart ei tiendetid og det heldt akkurat til siste startspor i C-finalen. Så starta ei fantastisk oppkjøring. Bjørn Magne vann C-finalen, før han vart nr. 2 i B-finalen og var dermed klar for A-finalen. Der måtte han gi seg med det som viste seg å vera defekt differensial, men vart til slutt nr. 5. Samanlagt vart han nr. 11 i NM. Lars Reidar Frøyland deltok og i Skien, men 21., 14. og 19. tid heldt berre til 20. plass. Samanlagt vart Lars Reidar nr. 24 i NM etter å ha deltatt i Vikedal og i Skien.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.