Press "Enter" to skip to content

Ingve Andrè Strand til topps i 2. NM-runden

Last updated on 3. juli 2013

I 2. NM-runden i crosskart på Finnskogen 22. juni, klaffa det meste for Ingve Andrè Strand og han gjekk heilt til topps i 650 ccm-klassen.

I første omgong vart det berre 3. plass for Ingve Andrè, men i dei andre omgongane gjekk han heilt til topps. I finalen hadde han 3. startspor, men ein kjempestart gjorde at han gjekk rett til tet. Den plassen gav han ikkje frå seg og kjørte inn til sesongens første seier. Dermed leiar han NM samanlagt etter 2 løp med 49 poeng, men berre 3 poeng framfor nestemann, Jørgen Svindal frå NMK Gardermoen.

I 125 ccm-klassen fekk ikkje Anders H. Strand det til. To 5. plassar og ein 4. plass gav plass i C-finalen, og til slutt vart det 17. plass på Anders. Han ligg no på 12. plass samanlagt i NM.
I 85 ccm-klassen klarte ikkje Hauk Hamre-Hagen heilt å følgja opp den flotte sjetteplassen frå Lyngås. Han fekk 2. plass i dei 2 første omgongane, men vart utan poeng i den siste. Han vart også sist i B-finalen, så det kan tyda på tekniske problemer. Dermed vart det 16. plass på Hauk denne gongen, og med det er han nr. 9 i crosskart juniorcupen.

Her er ei oppsummering etter 2. nm runde crosskart frå Jon Bjarte Aarekol, far til Bjørn Cato som konkurrerar mot Hauk:
Bjørn Cato starta i 85cc klassen på lørdag. Lørdag starta 1. omgang med ein fin 3. plass, men fartsmålinga viste at han låg 1 km/t over grensa for klassen, så då fekk han ikkje poeng for den. I 2. omgang tok han starten, men overivrige østlendingar ville det ikkje slik. Han blei snurra rundt, dytta både bak og framme, og parkert djupt i sandfella på indre bane. Guten var like heil, men karten fekk seg litt juling med bl.a. skeiv bakaksling 🙂 I 3. omgang måtte Bjørn Cato ha poeng for å få kjøre finale, og før siste sletta låg han på 2. plass i dette heatet. Pga frykt for hastighetsmålinga blei han forbikjørt, men storfornøyd med ny 3. plass og at han fekk beholda poenga. I C-finalen blei det litt tumulter igjen, og snurra. Etter trening på start-teknikk og bruk av clutsj greide han å få karten på hjul igjen, og kjørte seg opp til nok ein 3. plass 🙂 Ein kjekk, lærerik dag var det for alle 🙂

Ein 18. plass gjer at han er nr. 12 i crosskart juniorcupen.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.