Press "Enter" to skip to content

Hauk Hamre-Hagen nr. 6 i crosskart sprintcupløpet

Last updated on 3. juli 2013

Hauk Hamre-Hagen var tilbake i godt slag i sprintløpet søndag på Finnskogen, etter litt problemer på lørdag. På grunn av store nedbørsmengder, vart det berre kjørt 2 omgongar i sprintløpet. Sprintløpet er egentlig bakkeløp for crosskart, og blir normalt kjørt over 3 omgongar. Hauk kjørte inn til tida 1.11.17 i første omgong, og 1.17.75 i andre omgong. Bestetida heldt til sjetteplass i sprintløpet.
      Bjørn Cato Aarekol gjer stadig framgong. I sprintløpet kjørte han inn til tida 1.17.84 i første omgong og 1.11.86 i andre omgong, noko som var bestetida i denne omgongen.

Her er ein oppdatering frå Jon Bjarte Aarekol om sprintløpet til Bjørn Cato:
Me hadde ikkje utstyr til å reparere eller ekstra bakaksling med oss, så Bjørn Cato måtte kjøra med skade som gav dårligare grep i svingane. Starta 1. omgang litt rolig, gjorde seg kjent med ny trase. Tida vart 1.17.84, og 15. plass. I 2. omgang var avtalen å tørne tidlig rundt siloballen for å få med fart ut fra asfalten, ellers kjøre det remmer og tøy kunne holde – papen har god tid til rep i ferien 🙂 Litt treg start, men kjørte kjempebra, så bra at det blei klart bestetid i omgangen, 1.11,86. Stas å høyre speakeren sammenligne tida til BC når dei andre kjørte. Tida holdt til ein fin 9. plass, stor pokal med heim 🙂 Me hadde værgudane med oss, uten at me treng å utdype det nærmare 😉

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.