Pressemelding
Tre Vestlandsmestrar frå NMK Vikedal
Det vart ein spennande finale i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross på Eikås Motorsenter ved Bergen lørdag 7. sept. I bilcross junior hadde Andrè Hustoft Nesheim, NMK Vikedal, ei trygg leiing før finaleløpet, men når bilen ikkje ville vera heilt med i finaleløpet, vart det spennande på slutten.
Stang ut for NMK Vikedal-førerane i Landsfinalen for bilcross junior
10 frå NMK Vikedal klare for Landsfinalen for bilcross junior
Heile ti førarar frå NMK Vikedal køyrer NMK sin Landsfinale i bilcross junior som går på Bollandsmoen Motorbane i Melhus rett sør for Trondheim på laurdag. Dermed er NMK Vikedal ein av dei klubbane i landet som stiller med flest deltakerar i høgdepunktet i sesongen for juniorane, sjølv om det blir ein lang tur til Melhus.
Daniel Holten vidare i Supercar
Tommy Rustad til topps
Sist Tommy Rustad køyrde på Vikedal Motorbane i 1991 kom han til Vikedal etter å ha vunne dei tre første NM-rundane.
God start

Åsmund Holten gjorde eit strålande debutløp i rallycross i sin Citroen Saxo, og kjørte inn til 4. plass i NM-runden på Gardermoen lørdag.
Førarane frå NMK Vikedal hadde ein god start under første NM-runde på Gardermoen. Både Joakim Rønnevik og Åsmund Holten kvalifiserte seg begge til A-finalar, og blei til slutt nummer to og fire i sine klassar.
Klart for sesongopning
Etter at løpet på Vikedal Motorbane tidlegare i april måtte avlysast på grunn av is og tele, er det no klart for sesongopning. Onsdag 1. mai går den første runden i Vestlandsmesterskapet for bilcrossklassane av stabelen.
Klare for NM i rallycross

NMK Vikedal-førarane Daniel Holten (t.v.), Bjørn Magne Moland Enge, Joakim Rønnevik og Ernst Holten Leifsen er klare for NM.
I dag er det ein månad til NMK Vikedal på ny kan invitere til NM-runde i rallycross. Siste helga i mai skal alt vere klart, men først skal fleire av førarane frå klubben ut i første NM-runde som går på Gardermoen Motorpark på laurdag.
I 2010 var førarane frå NMK Vikedal med å setje sitt preg på NM-runden på heimebane, og Daniel Holten gjekk heilt til topps i klassen inntil 1600 kubikk, og vert seinare Noregsmeister i klassen.
Til opningsløpet i NM på Gardermoen er følgjande førarar klare. Joakim Rønnevik i rallycross junior, Åsmund Holten i Supernasjonal inntil 1600 kubikk, Lars Ivar Øie, Kenneth Johansen Ernst Holten Leifsen og Daniel Holten i Supernasjonal inntil 2000 kubikk, og til slutt Bjørn Magne Moland Enge i store super.
Tok første stikk
Steinar Stokke, Frode Leirhol og Lars Reidar Frøyland vann rallycrossklassane under opninga av Vestlandsmesterskapet i rallycross i Bergen lørdag.

Lars Reidar Frøyland ( t.v.) Frode Leirhol og Steinar Stokke gjekk til topps i dei tre rallycrossklassane under opninga av Vestlandsmesterskapet på Eikås Motorsenter lørdag.
Opning av Vestlandsmesterskapet
Etter at den første runden i Vestlandsmesterskapet, på Vikedal Motorbane måtte avlysast, er det no klart for sesongopning i mesterskapet på Eikås Motorsenter ved Bergen.
NMK Valdres-føraren Frode Leirhol vann opningsløpet på Eikås Motorsenter i fjor, og er på plass igjen på lørdag.