Press "Enter" to skip to content

Åsmund og Daniel Holten på «oppvarming» i Kristiansand

Åsmund og Daniel Holten held kjøreformen vedlike med å kjøra Jubileumscrossen i Kristiansand i helga. I tillegg deltok Asbjørn Hustvedt Lærdal i junior og Per Erling Lønning i seniorklassen i bilcross. 2-dagarsløpet på Rugslandsbanen pleier normalt å gå i pinsehelga, men var i år flytta til helga før.

Bilen til Asbjørn Hustvedt Lærdal vart seld i Kvinesdal på torsdag, så han måtte heimom å henta seg ein ny bil for å kunna delta i Kristiansand. Om det var bilen som ikkje var like frisk som den gamle eller om det var andre ting som gjorde skal vera usagt, men resultatet vart ikkje fullt så godt som tredjeplassen i Kvinesdal. 2. plass i C-finalen og dermed 12. plass vart det på Asbjørn denne gongen. Asbjørn er forøvrig påmeldt til løp igjen neste helg på Lyngås saman med Olav Bakkedal Bjelland og Andrè Hustoft Nesheim.
           For Per Erling Lønning går det betre og betre. I Kristiansand kom han seg til C-finalen, men vart sist der og nr. 16 i sterk konkurranse med skarpskodde sørlendingar.

Åsmund og Daniel deltok vel først og fremst for treninga sin del og ei gjennomkjøring for 4. runde i NM som går på Rugslandbanen 31. aug. – 1. sept. Åsmund hadde ei problemfri helg og vann kl. 1. Daniel fekk clutchproblemer under vegs og vart nr. 5 i kl. 2.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.