Press "Enter" to skip to content

Asbjørn Hustvedt Lærdal på pallen i Kvinesdal

Asbjørn Hustvedt Lærdal, Olav Bakkedal Bjelland, Lars-Erik Stangeland og Per Erling Lønning tok turen sørover til Kvinesdal for å kjøra det tradisjonelle bilcrossløpet på Kristi Himmelfartsdag. Aller best gjekk det med Asbjørn som kjørte inn til 3. plass blant juniorane.

Det var Olav som opna best med heatseier i første omgong. Asbjørn fekk andreplass, medan  det vart fjerdeplass på Lars-Erik. I andre omgong vart det stopp for Olav, medan Asbjørn fekk ein ny andreplass og Lars-Erik tredjeplass. I tredjeomgong gjekk det enno betre for Asbjørn, der han gjekk heilt til topps. Olav var delvis med igjen og fekk ein tredjeplass, medan Lars-Erik måtte nøya seg med femteplass. Med det berga Olav akkurat ein plass i B-finalen, Lars-Erik var i C-finalen og Asbjørn hadde 2. startspor i A-finalen.

Løpet i Kvinesdal var kvalifisering til Landsfinalane både for junior og senior, og for Lars-Erik var målet klart: å koma seg lengst mulig opp for å bli kvalifisert. Både Olav og Asbjørn er jo kvalifisert frå før. Lars-Erik fekk det godt til og klarte å vinna C-finalen, før han kjørte inn til tredjeplass i B-finalen. Olav vart sist i B-finalen. I A-finalen var Asbjørn godt med og kunne kjøra inn til 3. plass, bak Fredrik Ågedal, NMK Konsmo, og Ole Asbjørn Byberg, NMK Sandnes & Jæren. Dessverre mista Asbjørn bilen på bud etter løpet, og måtte heimom for å henta ny for å kunne delta i 2-dagarsløpet i Kristiansand 11. – 12. mai.

Lars Erik Stangeland
Lars-Erik Stangeland, her frå løpet i Bergen i september i fjor, kvalifiserte seg til Landsfinalen for BC jr. med 8. plass i Kvinesdal.

Ettersom både vinnaren og Asbjørn er kvalifisert til Landsfinalen for bilcross jr. før, held åttendeplassen til Lars-Erik akkurat til å kvalifisera seg. Dermed er det 8 juniorar frå NMK Vikedal som er kvalifisert til Landsfinalen for bilcross junior på Bollandsmoen i Melhus den 27. juli.

Per Erling Lønning hadde ein finale i sikte etter femte- og andreplass, men stopp i siste omgong øydela dei planane og han vart nr. 28.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.