Årskontrollar 2021

Teknisk årskontroll for bil lørdag 17. april 11:00 – 15:00

Det er nå sett opp ny årskontroll. Kvar bil får tildelt 15 minutter, og tidspunkt blir tildelt ved påmelding.
Send ein SMS for påmelding til kontrollen med info. om kva klasse bilen skal gå i, og om det er eit nybygg.
Dersom du ikkje har mulighet til å stille på årskontroll og må godkjenne bilen i ettertid kan kontrollanten kreve 250,- kr pr. kontroll.

Slik det ser ut nå er planen å arrangere løp 8. mai så lenge det er opning for det i Covid-19 retningslinjene som er gjeldande. Me prøver å få til trening 24. april, slik at dei som vil delta i Bergen 1. mai får testa litt. Dermed er det berre å hive seg rundt å få godkjent bilane til sesongen. Det kna sjøvsagt bli endringar på det meste i desse tider, men me satsar uansett på at det blir ein sesong med masse kjøring. Det har vel andri vore så mange treningar som i fjor.

Trykk på «Les meir»-knappen for info. om påmelding og kva du må ha klart til kontroillen
Continue reading «Årskontrollar 2021»

Haugesund Sparebank i ny drakt

Haugesund Sparebank i ny drakt!

Vår hovudpartnar Haugesund Sparebank endrar den tradisjonelle logoen. Den nye logoen er ein logo som symbolisere retning, dialog og relasjoner. Haugesund Sparebank har ambisjoner om å bli rågode på rådgiving. Logoen opptrer som både dialogboks og pil for å markere retning og veiledning. Den nye identiteten oppleves tett på og engasjerende.

«Vi ønsker å være med på hele livsreisen til kundene våre – fra de små til de store tingene i livet.»

Les meir om den nye drakten til Haugesund Sparebank her:

Haugesund Sparebank i ny drakt

Grasrotandelen Norsk Tipping

Grasrotandelen 2020

Me ønskjer å takka alle dei som gir si støtte via Grasrotandelen Norsk Tipping til NMK Vikedal. Heile 85.181 kroner fekk klubben i støtte i 2020! Tusen takk!

Foto; Kristian Jørgensen Foto

Les meir om Grasrotandelen og tilknytt din støtte via:

https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen

ÅRSMØTE UTSATT!

Styret ser at det blir vanskelig å ha årsmøte som oppsatt 6. februar pga covid-19 Styret kommer med ny dato så snart samfunnet åpner opp igjen og innen utgangen av mars.

Mvh

Leder for klubben Karina Nonslid

Foreldrekontakt og planar for MX-skulen

Ingrid Haugen frå Sandeid (og Leikanger) er ny foreldrekontakt for MX skulen.

Aktiviteten på MX-skulen har vore kontinuerleg god sidan den opna i 2019 og opplegget har hat stor nytte av engasjerte foreldre heilt frå sjølve opningsdagen. No vil klubben nytte foreldra for å ta konseptet vidare. Ingrid har skaffa seg ein del erfaring frå andre MX miljø og ynskjer å sjå på muligheten for å auke både innhald og lagånd eit nytt hakk gjennom konkrete tiltak.

Ei forbetring som er prioritert er utvikling av juniorbanen både i lengd og form. Det er viktig at denne får både høgre og venstresvingar. Den kan og ha nytte av moment som er noko meir krevjande. Vidare ynskjer foreldra å få til ei tryggare  avkorting av hovudbanen for 50 og 65cc klassane. Begge deler er det søkt midlar for frå ymse program. Det er og søkt om finansiering av ein eller to større, 125 kubikk syklar slik at skuletilbodet kan utviklast til gruppa frå 13 til 16år. Ingrid vil og sjå på treningsdagar med leia trening og instruktør. Her har klubben ein del fullt kapable, eigne resursar.

Forslag til oppgradert juniorbane. Gul linje er omkøyring medan invendig sløyfe får to haugar og to venstresvingar.

Vindafjord kommune ynskjer eit organisert opplæring- og treningstilbod med utgangspunkt i Vikedal motorbane velkomen. Dei er spesielt opptatt av å bidra til eit tilbod som når gruppene frå 6-13 og 10 til 13år. Tilbod for desse gruppene er spesielt utfordrande fordi det krev ein inngangspris som ikkje er diskriminerande økonomisk. Resultata frå MX-skulen så langt viser at den kan møte dette kravet. Kommunen kan og tenkje seg å vise fram tilbodet i ein interkommunal samanheng for å styrke finansieringa. Då er det viktig å vera representerte i fleire ledd, noko som Ingrid vil bidra til.

NB! Avlyst… Trening for bil lørdag 28.November

*Oppdatering fredag 27.November*
Den planlagte treningen på Vikedal motorbane i morgen lørdag må dessverre avlyses pga frost på banen!

_______________________________

Velkommen til historiens seinaste trening for bil førstkommende lørdag 28.November.

For dei som ønsker å delta finnes all nødvendig informasjon angående gjeldende retningslinjer samt påmelding i skrivet som det er laget link til:

2020-Trening-retningslinjer-Corona-Høst20-NMK-Vikedal

Treningsleiar: Jon Bjarte Aarekol – 99453325
Teknisk: Stian Espevoll

Velkommen til 22 nye medlemmer

Basile Lacave (30) frå Frankrike og Etne er ny i NMK Vikedal frå 2020. Han er dykkar og kjøpte «Kom og Prøv» lisens i haust. «Ein morosam måte å halde seg i form på» seier han.

 

 

Sjølv om det er dei yngste som dominerer veksten til motocrossgruppa til NMK Vikedal så prøver vi også å få med vaksne utøvarar, slik som Basile. Med 24 innmelde i 2019 og nesten like mange nye i 2020 så hadde MX gruppa ei fin auke til 73 betalande medlemmer før snøen la seg i 2020.

Fordeling av betalande medlemmer på aktivitet i 2020

Gruppa har som mål å halde oppe medlemsveksten i 2021. Eit virkemiddel er å etterkome eit ståande ynskje om å utvide MX skulen til aldersgruppa frå 14 til 16 år. Dette krev betre avkortingsalternativ på hovudbanen og meir innhaldsrik skulebane. I tillegg til 125 kubikk øvings-syklar.

Økonomi

Med største delen av veksten i dei yngste klassane så er utviklinga på inntektsida moderat. Medlemskap og baneleige betalar omtrent vedlikehald. Utvikling av ungdomstilbodet er difor avhengig av gåver og nye kjelder til inntekt.

Nytt i 2021

Frå 2021 vil alle funksjonane i administrasjonsopplegget for både utøvarar og arrangørar bli flytta inn under Min Idrett portalen. Vi håpar dette skal forenkle prosessane rundt lisens. Både ordinær lisens og prøve/dags opplegg.

Kom med innspel

November er tida for planar og prioritering. Møte er vanskeleg å få til akkurat no, men gruppestyret tar gjerne innspel på anna måte. Anten i kommentarfeltet på FB sida, på PM eller på e-mail.