Press "Enter" to skip to content

MX-Skulen


MX skulen til NMK Vikedal blei opna våren 2019 og blir driven av klubben sine tolv aktivitet- og sikkerhetsleierar. Frå 2021 har Idrettsforbundet saman med ei gruppe støttespelerar bidratt til å utvide det populære tilbodet opp til 16 år gjennom innkjøp av 125cc øvings-syklar.

Skulen har øvings-sykklar som er laga for både eit trygt og inspirerande møte med motocross

Prøve sjølv: Motocross er idrett med motor men kor utøvaren sjølv utgjer den store skilnaden. Sporten har eigenskapar som trekker til seg like mange jenter som gutar. Motocross trekker også inn mange i aktiv idrett som elles ikkje ville finna ein plass der.

Vårt distrikt har gode tilhøve for motocross og det er viktig for oss at ingen velger bort denne idretten på feil grunnalg. MX-skulen har som mål å la flest mogeleg få prøve om dette kan vera noko for dei – uavhengig av økonomi og familiesituasjon. Denne muligheten har du altså på Vikedal motorbane innanfor treningstidene.

Før du reiser heimanfrå: Løyse medlemskap eller velge å kjøpe dagsmedlemskap for kroner 50,- på plassen. I begge høve må du, før du fer heimanfrå, skaffe ID og passord til idrettsforbunet sine sider: MinIdrett. (Du har kanske alt slik ID frå annan idrett). Med slik ID kan du løyse ein Kom-og-Prøv lisens. Info og lenkar for medlemskap, MinIdrett og lisensar er her.

Praktisk: På motorbanen møter du fram ved skulen som ligg i underetasjen – ved døra som seier «PRØV MOTOCROSS».  Føresette (for dei under 16 år) eller du sjølv skriv deg inn i treningsloggen og signerar på at reglane som står oppslått på inngangsdøra er lest.

Aktivitetsleiaren har gul vest med tekst på ryggen Du henvender deg til han/henne som vil jelpe deg vidare.

Vi har moderne køyreutstyr for alle. Det gjer det rimeleg å prøve og kome igang.

Opningstider: Tirsdag 17:00 – 19:00*, lørdag 10:00-13:00 *)sommartid

For å halde seg oppdatert enkelt, meld deg inn i gruppa: NMK-Vikedal – Motocross gruppe på facebook.

—————————————————————-

NMK Vikedal driv MX skulen etter Idrettsforbundet sine reglar for barneidrett. Det betyr mellom anna at det ikkje er rangering i konkurranse før fylde 12 år.

Skulen blir driven med støtte frå: