Press "Enter" to skip to content

MX trening

Tirsdag 17:00 – 20:00* og Lørdag 10:00-13:00 *)sommartid

Endringar blir melde i gruppa: NMK-Vikedal – Motocross gruppe på facebook.

Velkommen til NMK Vikedal!  Banen vår er 1250 meter lang og ligg på same område som klubben sin tradisjonsrike bil- og rallycrossbane. Banen blei opna i 1991 og er ein jord og leirbane der eigenskapane skiftar med været frå lettkjørt og morosam i sol til meir krevjande med nedbør. Med åra har banen blitt gradvis løfta og drenert slik at den idag toler mykje sol utan å bli tørr og mykje nedbør utan å løyse seg opp. Dermed er sesong og lenger enn før.

Banen har gradering D og er kjenneteikna av eit breidt utval utfordringar. Saman med fleire sporvalg gjennom svingane blir dette ein effektiv treningsbane.

På trening: Når du kjem for å trene så skal alt vera på plass av lisensar (Meir nederst på sida). Du statar med å skrive deg inn i treningsloggen. Den ligg i skranken til MX skulen som du finn i underetasjen til hovudbygget. Når du signerar loggen bekreftar du også at du har lese og forstått reglane nedanfor. Desse finst også oppslått på innsida av døra til MX skulen. Hugs at du også har ansvar for dei som er med deg:

Merk spesiellt køreveg INN og UT samt PIL som viser køyrerettning. Utanfor det som er merka som bane og tilkomst, er køyring med motocross-sykkel brot på vegtrafikklova. Dermed gjeld heller ingen assuranse. Sykkelen skal altså trillast alle stader som ikkje er bestemt for køyring.

Treningsavgift 2022: Dagpris er 100,- per. pers. Gratis på skulebanen. Årsavgift er 500,- men maksimalt 800,- for familie. Straum til Bobil er 150,-/natt.

VIPPS #107161, skriv gjerne namn. Bobil til same.

Du kan halde deg oppdatert om kva som skjer på banen her: NMK Vikedal – Motocross gruppe på facebook.

To store depot med straum og vatn, ballbinge og stor, overbygd terrasse høyrer med til anlegget. Vikedal motorbane er godt eigna for treningssamlingar.

Tre steg før du set deg på sykkelen:

1. Medlemsskap i godkjent klubb (her). Velge motocross. Dersom utøvaren er under 16 år må føresette og melda seg inn. Melde då utøvar inn som junior og føresett som familie

2. BrukarID i MinIdrett (her) Registrer berre utøvaren

3. Kom-og-prøv lisens (her) Kan gjelde dag eller månad. Finst og som App

Ordinær lisens: Medan du har «Kom og Prøv» lisens har du tid til å skaffe ordinær (nasjonal) lisens. Då tar du to e-læring kurs som du sker opp under «Kurs» fana inne på MinIdrett: «Grunnkurs lisens 2022-24» og «NMF Motocross – teori for kjørelisens». (Bruk søkefunksjonen.) For barn opp til og med 12 år tar føresette kursa. Førestette må registrere seg i MinIdrett for å kome til kursa. Frå 13år tar utøvaren kurset. Når kursa er bestått blir det registrert i min idrett. Då kan du fyller ut «Søknad om uøverlisens» som du lastar ned frå meny til venstre på NMF si lisens-side (link nedanfor). Søknad blir blir signert av greinleiarar og sendast nmf@nmfsport.no.

NMF si lisens-side finn du her