Kategori: Neste løp
Det er endeleg klar for sesongopning i Vikedal, forhåpentlegvis for ein tilnærma normal sesong etter to amputerte sesongar. Sesongopninga lørdag 2. april inngår som første runde i Vestlandsmesterskapet for både bilcross og rallycross. Trykk «Les Meir» for påmelding.
Comments closedDå er det klart for sesongens høydepunkt, todagarscrossen for bilcross. Som kanskje ein del har fått med seg, er det ein del «gamle heltar» som har mobilisert for å visa dagens aktive korleis ein kjører bilcross. Den mobiliseringa vil nok ikkje stå ubesvart, og dagens unge satsar nok hardt på å bita godt i frå seg. Det blir uansett spennande å sjå kven som kjem til start, og med kva for «grombil». Ryktene går om Starlet med Ford V6, boble med Toyota V6, diverse VW VR6, gromme Volvoar, VW TL med Volvo osv. så her blir det kamp om poenga og finaleplassane.
I tillegg til prestisjen, vil vinnaren i seniorklassen få ein 80 cm høg pokal (bildet ligg under), så her er det berre å leita etter plass i premieskapet, evt. utvida. Vinnaren i juniorklassen får ein nesten like stor pokal, og det same gjer beste dame, uavhengig av om det blir eigen dameklasse eller ikkje.
Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag, ein lørdag og ein søndag. Desse skal vera 100% tilgjengelege for klubben den dagen, ikkje mekanikerar, barnevakter e.l. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det er forskjellige personar dei to dagane eller blir endringar/bytte, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net så snart du veit det. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd.
Førerane i NMK Vikedal må melda seg på innan onsdag 23. mai (ord. frist er 27. mai). Manglar du lisensane, legg inn 18.00000 som lisensnr. så rettar me det på innsjekk.
Ta gjerne utskrift av plakaten og sprei den rundt. Den blir distribuert til ei liste over hjelpsomme medlemmer og interesserte, men til fleire til bedre.
Tilleggsreglar
Her melder du deg på …
Offisiell startliste med korrekte startnr.
Invitasjonen
Då er det klart for sesongens høgdepunkt for bilcross-folket, 2-dagaren i Vikedal. Som vanleg er det kvalifisering til Landsfinalane i bilcross junior (på Hamar) og i bilcross (på Momarken). Det er opna for at bilcross junior trening kan delta.
Skal fleire dele same bil i forskjellige klassar, er det fint om de gjer beskjed om det på e-post til pamelding(at)nmk-vikedal.net.
Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til løpsdagen. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd.
Ordinær påmeldingsfrist går ut søndag 18. juni kl. 23:59.
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – rallycross
Påmelding
Foreløpig startliste
I pinsehelga, 3. og 4. juni er det klart for 2. runde i norgesmesterskapet i rallycross på Vikedal Motorbane.
Publikumsinformasjon:
- Følg live tidtaking her…
- Resultatlistene kjem her….
- Live-dekning med lyd/bild på Injection.no si Facebook-side
- Info. med tidsplan for publikum