Press "Enter" to skip to content

Tidleg vår og sesongstart på Vikedal Motorbane

Last updated on 30. mars 2022

Etter 2 sesongar med meir eller mindre restriksjonar, er alt klart for ein ny sesong under normale forhold på Vikedal Motorbane. Laurdag 2. april er det klart for 1. runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross. I tillegg er crosskart invitert til å delta, og det er meldt kaldt, fint vårvær.

I bilcross junior er det nok først og fremst Simen Johansen frå Ølen og Julian Helland frå Fitjar det er størst forventningar til. Begge hadde gode enkeltresultat i fjor, men var litt for ustabile til å hevda seg samanlagt. Det var bergenserane som dominerte VM i fjor, men fleire av dei er no blitt seniorar så det er rom for nye profilar. I seniorklassen er det fleire gode kandidatar til topp-plasseringane, sjølv om fleire av dei som gjorde det best i fjor ikkje stiller til start. Det var trening sist laurdag, og der viste Bjørn Cato Aarekol, frå Vikedal, gode taktar i ein Toyota Starlet. Etter satsning i rallycross i fjor, er det bilcross som har fokus for Bjørn Cato i år. Ole Lønning frå Fitjar har kjørt fleire turar over fjellet på iskjøring, så det skal ikkje stå på treningsgrunnlaget. I tillegg har både Tobias Johansen frå Ølen og Thomas Hundseid Eikeland tidlegare hatt gode resultater.

Ole Lønning i tet på Todagarcrossen 2021

I crosskart xtreme får dei lokale førerane Glenn Olav Lothe, Rolf Gangdal og Sigurd Kilane sterk konkurranse av Thomas Eek Murstad frå Notodden. Murstad vart nr. 5 i NM i fjor etter at han m.a. tok to tredjeplassar og to fjerdeplassar i dei fire første NM-rundane.

I rallycross er det berre Åsmund Holten som stiller til start av lokale deltakerar. Han tapte som kjent kampen om NM-gull i klasse t.o.m. 2000 ccm knepet i fjor, og har eit klart mål om ikkje å gi seg før NM-gullet er på plass på hylla. I Vestlandsmesterskapet kjører han saman med klassen over, bilar t.o.m. 2400 ccm, så det kan bli ein god kamp i Vikedal laurdag. Første NM-runde går 30. april – 1. mai på Momarken.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.