Press "Enter" to skip to content

Sommar Camp MX 2023 – fullt i år og

På nytt var sommarcampen fullteikna tidleg i vår.

I år startar leiren med fritrening på motorbanen fredag 14.juli frå klokka 11:00 og med formell innsjekk frå 16:00.

Det er om lag 60 utøverar påmelde. Saman med reisefylgje, føresette og funksjonærar blir det rundt 140 deltakerar som kjem til campen.

Lørdag vil dei 25 mest erfarne reise inn til Sauda for å trene på banen der, før dei kjem tilbake til Vikedal om kvelden og deltek i felles underhalding.

Trenar-teamet blir som før leia av Jonas Olson frå Hemsedal som blandt andre har med seg far og son Thunshelle frå Sandefjord der sistnemnde er aktiv på høgste nivå nasjonalt og nordisk.

Trenerane frå «MX-Training» er anerkjent for å gi veldig god læring på alle nivå. Kombinasjonen med eit veldig godt tilrettelagt anlegg er nok grunnen til at opplegget har står seg såpass sterkt.

For 5. året inviterer NMK Vikedal til motocross (MX) Sommar Camp på Vikedal Motorbane. I år riggar dei første seg til torsdag kveld, den 14. juli, og blir på anlegget til og med søndag 17. juli.

Denne treningssamlinga har sidan 2018 vakse til ein av dei største i landet (nummer to etter Vågå). Fleire har vi ikkje plass til seier Ingrid Haugen frå hovudstyret som og er leiar for arrangementet. Leiren var fullteikna alt i februar og det har vore venteliste sidan.

130 utøvarar, føresette og funksjonærar vil delta på samlinga. Det er Jonas Olson og hans MX-Training team som står for opplegget. Jonas har vore innom klubben år om anna sidan 2013 og er godt kjend hos oss. I år vil vi og samarbeide med klubben i Sauda for å prøve å få til eit betre tilbod til vidarekomne og samstundes auke kapasiteten. Samanfall med Rootsfestivalen sikrar i tillegg eit godt tilbod på kveldstid.

Interessa for motocross har vakse sterkt lokalt og har drege medlemstalet til NMK Vikedal oppover. Halveges i 2022 er meir enn annakvar som betalar medlemspengar til klubben orientert mot motocross, og fleire kjem stadig til. Som den mest fysisk krevjande varianten av motorsport sorterer MX under Noregs idrettsforbund. Det gjer at klubben også er det idrettslaget som antakeleg veks mest i kommunen.

Det er open kiosk laurdag og søndag og gratis inngong dersom nokon vil nytte høvet til å lære meir om motocross. Klubben sin MX-Skule (5-16år) er stengt denne helga men elles er den open tirsdagar og laurdagar om dette skulle falle i smak.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.