Press "Enter" to skip to content

Sesongstart og nytt på Motocrossbanen

Med aukande medlemstall har klubben fått ambisjon om å løfte motocross traseen vidare. Gjerne to hakk. Det er krevjande fordi vi har minst like høg ambisjon om å utvikle bilbanen. Dermed trengst eit kunststykke: Legge to, veldig gode banar på same område. Som belønning får klubben maksimal utnytting av depot og alt som høyrer til arrangement og publikum.   

For MX ynskjer vi å kome opp frå kategori D til kategori B. Det betyr 1250m lengd med generell banebreidd på 7m – minimum 5m. Lengda har vi inne – derifrå er planen er å utvide breida ein del om gongen. 

No er vi godt igong med banen sin øvre del. Der er vi utanfor bilbanen og kan bygge fritt. Vi har nytta oveskotsmassar frå ei utbygging lenger nede i Vikedal og fått laga eit høgt og langt hopp opp bakken. Dermed har Vikedal fått eit «signatur-hopp» som i tillegg til imponerande storleik og er nærme publikum. Det er laga alternativ trase for dei yngse før oppgangen til hoppet. Veldig godt gjennomført av VMA og dei som har gjort arbeidet. 

Det er framleis ein del utfordringar som må løysast, men utvikling av sandfeller mellom traseane har til dømes vist seg å gi forbetra tryggleik og fullgod sikrings-sone for begge banane. Det gjev god tru på at vi skal koma i mål.  

Snutten er frå test av hoppet

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.