Press "Enter" to skip to content

Prøvekjøring populært blant ungdommen

5. november var det opna for prøvekjøring for 10 ungdommar frå 14-18 år.

Det var stor interesse då det blei arrangerte prøvekjøring i bilcross for ungdom på motorbanen. Alle fekk kjøre 2 ganger 4 rundar med instruktør på passasjer sida. Det var ein lett lært gjeng, alle viste stor progresjon i kjøringa og ville nok helst ha kjørt enda meir!
Fleire sa at dei vil delta på lisenskurs til våren og skaffa seg egen bilcross bil for å kjøra løp og trening.

Takk til våre allerede aktive juniorar som kjørte oppvisning i bilcross og crosskart. Stor takk også til dei som stilte på dugnad med praktiske oppgåver og hjalp til med å arrangere denne dagen for ungdommen. Og til vår sponsor Bremnes Seashore som har sponsa kjøreutstyr.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.