Press "Enter" to skip to content

Klar for Sommar Camp MX 2022

For 5. året inviterer NMK Vikedal til motocross (MX) Sommar Camp på Vikedal Motorbane. I år riggar dei første seg til torsdag kveld, den 14. juli, og blir på anlegget til og med søndag 17. juli.

Denne treningssamlinga har sidan 2018 vakse til ein av dei største i landet (nummer to etter Vågå). Fleire har vi ikkje plass til seier Ingrid Haugen frå hovudstyret som og er leiar for arrangementet. Leiren var fullteikna alt i februar og det har vore venteliste sidan.

130 utøvarar, føresette og funksjonærar vil delta på samlinga. Det er Jonas Olson og hans MX-Training team som står for opplegget. Jonas har vore innom klubben år om anna sidan 2013 og er godt kjend hos oss. I år vil vi og samarbeide med klubben i Sauda for å prøve å få til eit betre tilbod til vidarekomne og samstundes auke kapasiteten. Samanfall med Rootsfestivalen sikrar i tillegg eit godt tilbod på kveldstid.

Interessa for motocross har vakse sterkt lokalt og har drege medlemstalet til NMK Vikedal oppover. Halveges i 2022 er meir enn annakvar som betalar medlemspengar til klubben orientert mot motocross, og fleire kjem stadig til. Som den mest fysisk krevjande varianten av motorsport sorterer MX under Noregs idrettsforbund. Det gjer at klubben også er det idrettslaget som antakeleg veks mest i kommunen.

Det er open kiosk laurdag og søndag og gratis inngong dersom nokon vil nytte høvet til å lære meir om motocross. Klubben sin MX-Skule (5-16år) er stengt denne helga men elles er den open tirsdagar og laurdagar om dette skulle falle i smak.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.