Press "Enter" to skip to content

Årskontroll 12. mars

Last updated on 23. mars 2022

Det er sett opp årskontroll 12. mars. Kvar bil får tildelt 20-30 minutter, og tidspunkt blir tildelt ved påmelding.
Send ein SMS for påmelding med info om kva klasse bilen skal gå i, og om det er eit nybygg.
Dersom du ikkje har mulighet til å stille på årskontroll og må godkjenne bilen i ettertid kan kontrollanten kreve 250,- kr pr. kontroll.

Årskontrollskjema

Dato: 12.mars (påmeldingsfrist 10.mars)
Tidspunkt: 10.00-15.00
Sted: Nonslid Bilservice, avd. Skjold
Teknisk: Sigurd Andrè Maraas
Påmelding skal sendast til Jon Bjarte Aarekol: tlf 99453325


VIKTIG INFO! Les nøye gjennom punktene.

  • Skriv ut skjema som blir brukt på årskontrollane frå linken under:
    Årskontrollskjema BC-RC-RAC-DI
  • Me ber om at alle fyller ut den informasjonen som er i dei øverste felta på skjemaet, inkludert rammenr og epostadresse. Samt fyller ut nederste del på arket. Så sparar me tid under/etter kontrollen.
  • Kvar førar beholder kontroll-skjemaet, og vert sjølve ansvarlige for å sende inn kontrollskjemaet til NBF i lag med bilde av rammenr. Først då får du vognlisens frå NBF.
  • Bilane som stiller på årskontroll skal vara vaska, rydda og klar til løp.
  • Rammenr skal være lett å lese, og alle burbolter og burfester skal vera lette å kontrollera.
  • Eventuelle homologerings papir skal (bør) vera med på årskontrollen for RC.
  • Ein oppfordring er å lese gjennom teknisk reglement og sjå at bilen er innafor. Då går kontrollen raskare, og ein slepp ny årskontroll på eit seinare tidspunkt.
  • Møt fram til avtalt tidspunkt, og følg instruksjonane til kontrollantane.

Vell møtt!

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.