Press "Enter" to skip to content

Dugnad lørdag 11. juli

Det blir dugnad lørdag 11. juli frå kl. 10:00. Busk og kratt har ikkje tatt pause under Corona-krisen, men veks villig vekk. Det er bruk for å fjerna ein del av dette, så kantklypperar er eit godt verktøy. Klubben har eit par tilgjengeleg, men fint om dei som har disponibel kan ta med det. Graset veks godt, og traktorklypparen til klubben tek ein del, men ei del skråningar er nok enklare å ta med vanleg plenklyppar. Kan nokon ta med det, er det fint. Ein del av gjerdet mot vegen skal fiksast, speakerbua skal rivast med gravemaskin, rydding og anna vanleg vedlikehaldsarbeid skal gjerast, så det er berre å ta med god arbeidslyst.
Har du spørsmål eller innspel, kan du gjerne ta kontakt med Michael Jensen, tlf. 97953515.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.