Press "Enter" to skip to content

Første VM-runde for BC og RC + CK lørdag 22. april

Last updated on 12. april 2017

Påmeldinga er no opna for første VM-runden i 2017 for bilcross og rallycross. I tillegg er det ope for crosskart.
Merk at løpet går lørdag 22. april, dvs. rett etter påske. For å gjera løpet så godt og attraktivt som mulig, oppfordrar me alle til å melda seg på så snart som mulig. Skal fleire dele same bil i forskjellige klassar, er det fint om de gjer beskjed om det på e-post til pamelding(at)nmk-vikedal.net. På grunn av at lisenskurset knapt er ferdig og dermed lite trening, er det ikkje ope for bilcross junior trening denne gong.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til løpsdagen. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Dersom det blir kjørt med lys istadan for flagg, vil det vera behov for litt færre banevakter. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje bli innfridd.

Ordinær påmeldingsfrist går ut søndag 16. april.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – rallycross   (Det stod feil dato i overskrifta. Det er no retta.)
Tilleggsreglar – crosskart

Påmelding
Foreløpig startliste

 

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.