Press "Enter" to skip to content

NM-opning både på heime- og bortebane

Komande helg er det NM-opning både for crosskart i Vikedal og rallycross i Skien. NMK Vikedal-førerar er på plass begge stadar.

Crosskart:
I Vikedal er det NM-opning i crosskart søndag 15. mai på Vikedal Motorbane. Godt over 50 deltakerar er påmeldt, og 5 av dei representerar NMK Vikedal. Tre av dei kjører i klassen 125 ccm. Bjørn Cato Aarekol vart nr. 8 i Crosskart Junior cup (85 ccm) i fjor, men har i år gått opp ein klasse til 125 ccm. Der kjører allereie Hauk Hamre Hagen, som vart nr. 15 i NM i klassen i fjor, og Nikolai Andreassen, som vart nr. 22. Begge desse deltok berre i ein av NM-rundane i fjor.
Ein annan som har gått opp ein klasse er Anders Strand frå Fitjar, som har gått opp frå 250 ccm til 650 ccm. Han vart nr. 10 i NM i fjor, men har i år overtatt faren, Ingve Andrè Strand, sin crosskart. Ingve Andrè vart 5 i NM i fjor med den, men vann NM i 2014.
Ein nykomling blir suldølen Sigurd Kilane, som har kjøpt seg ein Crosskart Xtreme. I motsetning til dei andre crosskartane som har einsylindra motocrossmotorar, brukar denne standard firsylindra Suzuki GSX-R750-motor. Dette er ein ny klasse som ikkje deltek i NM, men berre kjører oppvisning føreløpig.

Rallycross:
NM-opninga for rallycross går i Skien lørdag og søndag. Sju førerar frå NMK Vikedal stiller spent til start. Mest spent er kanskje debutanten Sølve Østbø, som skal kjøra Rallycross Junior cup. Han har alt fått kjørt to løp i Egersund og Vikedal med sin nyinnkjøpte VW Golf, og fekk luka bort nokre småproblem. I desse løpa har han kjørt mot bilar frå høgare klassar, så det blir spennade å sjå korleis han kan hevda seg mot andre i same klasse.
I Supernasjonal t.o.m. 1600 ccm stiller Olav B. Bjelland i sin Peugeot 206. Han vart nr. 4 i NM i fjor, og satsar på pallplass i år.
Daniel Holten er tilbake i den Ford Fiestaen i klassen Supernasjonal t.o.m. 2000 ccm som han vart nr. 5 med i NM i 2013. No er det ein NM-tittel som fristar. Den fristar nok Kenneth Johansen og, som kjører i same klassen og vart nr.8 i NM i fjor. Då tok han ein sterk andreplassen i runden i Skien. Klassen er heilt open i år, sidan medaljevinnerane frå i fjor satsar på EM eller har gått opp ein klasse i år.
I klassen Supernasjonal over 2400 ccm er derimot medaljevinnerane og dei fleste andre frå i fjor på plass i år igjen til kamp i den tøffaste klassen. Her er det tre førerar frå NMK Vikedal, og den som har satsa mest dei siste åra er Bjørn Magne Moland Enge. Han vart nr. 11 i NM i fjor, men kjørte berre halvparten av rundane pga. motorhavari midt i sesongen. Geir Harald Skeie stilte med nybygd Saab i fjor haust, og håpar på nokre fine resultat i år. Lars Reidar Frøyland stiller i sin Volvo S40, men slit med å få NM-rundane til å passa med skiftplanen. Dermed blir det berre enkeltløp i NM for hans del.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.