Press "Enter" to skip to content

Er det Vestlandet sin tur til å vinna i år?

Vi har sett litt på tidlegare resultat i Landsfinalen som i år blir arrangert for niande gong. Av dei 8 tidlegare finalane har trønderar vunne 2 (Arne Christian Valan i 2008 og Thomas Hårberg i 2011), sørlendingar 2 (Fredrik Ågedal i 2013 og 2014) og østlendingar 4 (Jim Joar Weggersen den første i 2007, Malin Gjerstad i 2009, Simon Wågø Syvertsen i 2010 og Petter Leirhol i 2012). Dermed er det vel på tide at vestlendingane eller nordlendingane går til topps i år? Steffen Hjelmås er beste vestlending med 2. plass i fjor, medan nordlendingen Jonas Dalseth Jacobsen fekk same plassering i 2009.

Etter å ha sett litt på resultata tidlegare i år, er det mange som kan gå til topps i år. Under har vi lista opp resultata i nokre av dei mest prestisjefylte løpa i år. Den som går igjen flest gonger er vel Simen Engsvik frå NMK Aremark, så kanskje han er den største favoritten? Eller er det nokon som har spart grombilen til Landsfinalen?

Vi har lagt ut same spørsmålet på Facebook-sida til Landsfinalen, Landsfinale jr 2015, så gå dit og legg gjerne inn din favoritt.

2-dagarscrossen i Vikedal
A-finalen i Vikedal vart litt spesiell ettersom 3 bilar kjørte ut og vart ståande i sandfella i startsvingen. Deretter fekk Sølve Østbø, som leia, drivakselbrudd og Thomas Hundseid Eikeland vart litt for ivrig og kjørte forbi i gulflaggsonen. Dermed var det berre Simen Narvestad som fullførte finalen i generalprøven på Vikedal Motorbane. Sølve Østbø vart nr. 2, medan Sigve Hansen kom lengst av dei som vart ståande i sandfella.

Landskamp.no på Momarken
Martin Furuset var einaste med full poengpott etter dei 4 innleiande omgongane på Momarken. Men i finalen var det Sebastian Huse som var raskast og vann framfor Martin. Magnus Knutsen vart nr. 3, Sondre Evjen nr. 4, Simen Engsvik nr. 5 og Christian Lindemark nr. 6.

St. Hanscrossen i Sigdal
Mange dyktige førerar på St. Hanscrossen i Sigdal gjorde at ingen fekk full pott i dei innleiande omgongane. Best var Simen Engsvik og Mads Kasa med 42 av 50 poeng, og det var til slutt Simen som vann løpet. Jørn Håkon Stølen vart nr. 2. Mads vart nr. 6.

Tour de Motorsport 2015
Tour de Motorsport er høgdepunktet i Midt-Norge. Det er eit løp som går på tre banar (Støren, Tynset og Bjorli) i løpet av 4 dager med 10 innleiande omgongar før finalane. Her var Jo Erik Aa suveren, vann alle sine innleiande heat og gjekk til topps i sin Toyota MR2 framfor Simen Engsvik i Volvo.

Goldagsløpet
Nikolay Rike Grønlund og Håvard Øynebråten stod med full poengpott etter innleiande omgongar. Ut frå start var det boblene som var raskast med Håvard og Sondre Evjen side om side oppover bakken. Håvard fekk problemer rett over toppen, og Sondre var lenge i teten. Men bakifrå kom Nikolay og passerte bil etter bil heilt til han var heilt i tet og gjekk i mål som vinnar. Sondre vart nr. 2 og Henning Maribo nr. 3. Marius Eng tok fjerdeplass medan Aleksander Beisland vart nr. 5 og Håvard Øynebråten nr. 6.

Sommarfestivalen i Aremark
Etter flott kjøring i dei innleiande omgongane stod Sølve Østbø øverst på resultatlista før finalane med sine 74 poeng. I A-finalen var det i tillegg til Sølve i ein liten Opel Corsa, fire Volvoar og ein Honda Prelude. Corsaen til Sølve var ikkje rask nok til å halda følgje med Volvoane ut frå start, men han klarte etterkvart å ta seg forbi to av dei, og vart dermed nr. 4. Martin Furuseth, NMK Aurskog-Høland, vann løpet framfor Simen Engsvik, NMK Aremark, og Steffen Hansen, NMK Gardermoen.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.