Press "Enter" to skip to content

Klart for påmelding til sesongopninga 5. og 6. april

Last updated on 9. mai 2014

Plakat_5-6.april_litenPåmeldinga til sesongopninga i bilcross og rallycross er no opna. Du finn linkar til tilleggsreglar, påmelding og startliste under. I utgongspunktet er det eit todagarsløp som blir kjørt i 2 deler. Lørdag er det ordinær bilcross/rallycross med 3 innleiande omgongar og finalar, medan det søndag blir kjørt parallellrace likt det vi kjørte i august.
Pga. tidsbruken i bilcross sprint, vil berre dei 50 første som er påmeldt i bilcross få kjøre søndag. Arrangøren forbeheld seg retten til å justere dette antallet. Dei bilane som berre deltek lørdag, blir det arrangert anbudsrunde for etter finalane lørdag. Resten er på anbud søndag etter finalen.

Presiseringer:
Vedr. trening: I tidsplanen er det sett av tid til trening. Denne er berre open for rallycross, det blir ikkje trening for bilcross eller crosskart.
Ettersom begge dagane formelt er same løp (samme arrangørlisens), er det ikkje høve til å bytta bil eller førar i løpet av helga. Kjører ein sund ein bil lørdag, kan ein ikkje kjøra ein annan bil søndag.
Dei som berre ønskjer å delta ein dag, melder seg på på vanleg måte og sender ein e-post til pamelding(a)nmk-vikedal.net med informasjon om kva dag ein vil delta.

Tilleggsreglane for crosskart er no klar og er tilgjengeleg under «Påmelding», velg «tillegsreglene» nederst i høgre hjørne. Påmeldinga er dermed opna.

Tilleggsreglar/påmelding/startlister:
Bilcross:
Tilleggsreglar
Påmelding
Startlister
Rallycross:
Tilleggsreglar
Påmelding
Startlister
Crosskart (lagt ut 27.03.2014):
Påmelding
Startlister

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.