Press "Enter" to skip to content

Viktig melding frå bilgruppa.

Kjære medlemmer.

Som nok nokre av dykk veit så er det me i bilgruppa som er ansvarlege for at alle løpa me arrangerar blir gjennomført. Det vil sei, me skaffar løpskomiteane og hjelp desse igang med planlegging i god tid før løpa.
Med så mange aktive medlemmar som me er i klubben, så er det egentlig ein liten del av desse som er involvert i sjølve komiteane. Derfor kan det vara ei lita utfordring å samla gode komitear,  men takka vara ein del ildsjeler så har me folk som er med i nesten alle komiteane og gjer ein knakande god jobb.

Det som me vil prøva å få til nå er å involvera nye folk i desse komiteane,  slik at me kan rullera litt på og læra opp nye folk.
Så derfor henvender me oss til alle medlemmer m/familie og andre involverte for å sjå om det fins folk der ute som kan tenka seg å vara med i desse komiteane.

Kan du,eller veit om ein eller to som kan tenka seg ei slik oppgåve så tar du/dei kontakt med oss i bilgruppa.

 Johannes: johannesholei@hotmail.com

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.