Press "Enter" to skip to content

Vått bilcross- og rallycrossløp

Det vart eit vått bilcross- og rallycrossløp på Vikedal Motorbane søndag. Regnet auste ned på morgonen og nokre saftige byger på føremiddagen, men det letta litt utover dagen.
    I bilcross junior var det Andrè Hustoft Nesheim, Joakim Rønnevik og Atle Østerbø Veland som takla dei vanskelege forholda best. Blant seniorane var det Preben Myklebust som var best, trass defekt clutchpumpe. Anders Hjelmås og Torbjørn Østerbø Veland hadde ein tett kamp om andreplassen, der det var Anders som lurte seg forbi Torbjørn i siste sving. Thomas Nonslid vart beste Vikedal-førar med fjerdeplass.
    Glenn Olav Lothe tok ein nye seier i RCN i/2400 framfor Sigbjørn Hannisdal og Hallvard Finnvik. I klassen inntil 2000 ccm imponerte Åsmund Holten med å slå søskenbarnet, Ernst Holten Leifsen. Steinar Stokke tok tredjeplassen. i klassen over 2400 ccm var det igjen Lars Reidar Frøyland som var best framfor Ingvar Auestad og Steven Wetland.

  Resultater, bilcross junior

  Resultater, bilcross

  Resultater, rallycross

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.