Press "Enter" to skip to content

Daniel Holten i Supercars-finalen i Høljes

Daniel Holten kjørte godt og taktisk klokt under EM-runden i Høljes. I Touringcar hadde Ernst Holten Leifsen ei god helg og vart til slutt nr. 7, medan Bjørn Magne M. Enge kjørte Supportrace og bidrog til at Norge vann landskampen.

I supportklassen vart det kjørt 3 innleiande omgongar fredag ettermiddag med heatpoeng som talde i landskampen mellom Norge og Sverige, samt finale med 3 frå kvart land. Når dei stod klar til å kjøra fram til 1. omgong, kom det ei kraftig regnbyge, men heldigvis fekk dei byta dekk. Bjørn Magne fekk til ein god omgong på det glatte føret, og kjørte inn til andreplass, utan bakbremsar viste det seg. Det vart gjort forsøk på å ordne bremsane, men det lukkast ikkje på den korte tida mellom heata. Dermed vart det ein fjerdeplass i 2. omgong. Bremsane vart ordna til 3. omgong, men problemer med vindusspylaren resulterte i elendig sikt og berre femteplass i 3. omgong. Han vart likevel 4. beste poengplukkar for Norge, som vann landskampen med 84 poeng mot Sveriges 80 poeng.

Ernst starta EM-karrieren med å vinna sitt aller første EM-heat. Tida heldt til femtetid i omgongen. Deretter vart det sjuande-, åttande- og sjuandetid i dei innleiande omgongane, noko som gav tredjeplass i klassen før semifinalane. I semifinalen vart det ein dårleg start med litt for lite turtall, men han kjørte seg opp og såg ut til å ha kontroll på tredjeplassen og avansement til finalen. Dessverre kom han litt langt ut i målsvingen ein runde før mål slik at Tom Daniel Tånevik smatt forbi. Dermed vart det ein fin 7. plass på Ernst, sjølv om alle håpa på finaleplass.

Ernst (t.v) - Daniel - Foto holtenmedia - lite
Både Ernst og Daniel var godt fornøgd med resultata som ein kan sjå.

Daniel opna litt forsiktig og fekk 14. tid i eit av dei første heata saman med m.a. Andreas Bakkerud og Mats Lysen. I 2. omgong gjekk det betre, og Daniel kunne kjøra inn til heatseier framfor m.a. Mats Lysen. Tida heldt til 8. tid i omgongen, og han låg no på 7. plass samanlagt etter første dag. Søndag starta litt hektisk med at han ikkje fekk kjørt warm-up pga. servoproblemer før han skulle ut i eit knallheat. Sjølv om det berre vart fjerdeplass i heatet bak Timur Timerzyanov, Timmy Hansen og Alexander Hvaal, vart det ei ny åttendetid. Petter Solberg skulle og vore i heatet, men kom ikkje til start. I siste omgong vart det tredjeplass i heatet bak Hvaal og Bakkerud. Tida heldt til 7. tid, og dermed var Daniel kvalifisert til semifinalen som sjettebest etter innleiande omgongar.
             I semifinalen gjekk han tidleg i alternativsporet og kom forbi konkurrentane ein etter ein. I siste runde passerte han EM-leiar Timur Timerzyanov, og kunne kjøra inn til andreplass bak Bakkerud og avansement til finalen. I finalen stod Daniel i 3. startspor, kom godt ut og følgde Timmy Hansen i alternativsporet. Dessverre rauk ein drivaksel framme etter eit par rundar, så dermed måtte Daniel berre trilla til mål på ein strålande femteplass.

Daniel-Volvo C30 - Foto Rune Johannesen - lite
Djup landing for Daniel og C30-en etter hoppet ved alternativsporet i Høljes.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.