Press "Enter" to skip to content

Opningsløpa er dessverre avlyst

Opningsløpa på Vikedal Motorbane 6. og 7. april er dessverre avlyst. Det er fortsatt 6-8 minusgrader om morgonen på banen og berre nokre få plussgrader om dagen. Dermed ligg tela fortsatt tjukk i bakken, og det er dette som set ein stoppar for løpet. Det ligg fortsatt litt snø og is på deler av banen. Denne kunne me nok blitt kvitt, men med tele i bakken forsvinn ikkje vatnet og den delen som er tint vil vera ein blaut masse. Med kantar og skråningar som fortsatt er frosne, er det uforsvarleg å arrangera løpa.

Me vil koma tilbake rett over påske med informasjon om løpa blir sett opp på nye datoar eller om det blir gjort justeringar. Me beklagar sterkt at det ikkje let seg gjera å arrangera løpa.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.